Ny digital teneste gjer det enklare å melde frå om feil og manglar

Kommunen tek no i bruk ei ny digital teneste for feilmeldingar. Tenesta «Meld Feil» i Dokflyt gjer det enkelt for innbyggjarane å melde inn feil og manglar knytt til kommunale vegar, veglys og utemiljø – direkte frå både mobil, nettbrett eller PC.

Einingsleiar Hilde Hovden utanfor rådhuset, med maurstadparken i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete

 – Målet med den nye 
tenesta er å styrkje dialogen 
mellom kommunen og innbyggjarane. 

Hilde Hovden, einingsleiar Kommunalteknikk 

Med den nye løysinga kan innbyggjarane raskt sende inn melding dersom dei oppdagar mørke gatelys, hol i vegen, skadar på fortau eller andre forhold i utemiljøet som bør rettast opp. Meldinga blir registrert digitalt og sendt direkte inn i kommunen sitt drifts- og oppfølgingssystem. 

Meldingar om feil på gatelys går direkte til entreprenøren kommunen har driftsavtale med. Meldingar på veg og utemiljø går direkte inn til kommunalteknikk, som handsamar dette internt gjennom arbeidsplanlegging og oppfølging av oppdraga.

Enkelt for innbyggjarane

– «Meld Feil» er utvikla for å vere enkel å bruke. Innbyggjarane kan registrere feilen i eit kart, legge ved bilete og gi ei kort beskriving av problemet. Dette gjer det lettare for kommunen å forstå kva som er feil, og kvar feilen er. Løysinga gir òg moglegheit for å følgje status på innmeldinga, slik at ein kan sjå når saka er under behandling og når ho er løyst, seier einingsleiar i kommunalteknikk, Hilde Hovden.

Ved å melde feil digitalt slepp innbyggjarane å ringe eller sende e-post, og all nødvendig informasjon kjem rett fram til rett eining i kommunen.

Betre oversikt og meir effektiv drift for kommunen

– For kommunen gir «Meld Feil» betre oversikt over innkomne saker og ein meir effektiv arbeidsflyt. Alle feilmeldingar samlast i eitt system, der dei kan prioriterast, fordelast og dokumenterast. Dette bidreg til raskare saksbehandling og betre ressursbruk, opplyser Hilde.

Dokflyt er ei digital løysing som er laga for kommunal infrastruktur, og som mellom anna gir oppdatert kartoversikt, dokumentasjon og sømlaus oppfølging av arbeidsoppdrag. Når feilmeldingane kjem digitalt og strukturert inn i systemet, får driftspersonell og saksbehandlarar betre grunnlag for å planleggje vedlikehald og utbetringar. 

Eit bidrag til betre dialog med innbyggjarane

Målet med den nye tenesta er å styrkje dialogen mellom kommunen og innbyggjarane. Når det blir enklare å melde frå om feil, får kommunen tidlegare beskjed om forhold som kan vere til ulempe eller fare. Samstundes får innbyggjarane ei tydelegare oppleving av at meldingane deira blir tekne imot og følgde opp.  

- Vi oppmodar alle innbyggjarar til å ta i bruk «Meld Feil» når dei oppdagar feil eller manglar i det kommunale veg- og utemiljøet, avsluttar Hilde Hovden.

Sjekk ut den digitale løysinga Meld feil