Ny møteplass "Midt i gata" offisielt opna

Laurdag 12. september blei det nye torget i Eidsgata offisielt opna av ordførar Judith Kvåle. Mange tok turen innom opninga under Eidamessa, der det blei servert kaffi og kake til dei frammøtte.

Ordførar og to frå prosjektgruppa står på torget midt i Eidsgata. - Klikk for stort bilete
Bilde som viser skiltet med info om prosjektet - Klikk for stort bilete
Ordførar Judith Kvåle leser ein tale. - Klikk for stort bilete

Det nye torget med bankar kom på plass tidlegare i sommar, og ser ut til å ha blitt godt teke imot. Før den offisielle opninga blei møteplassen ferdigstilt med plantekasser og flott beplantning.

– Eit sentrum blir aldri ferdig. Det blir forma av korleis vi bruker det, kva vi legg til rette for, og kva slags liv vi ønskjer å skape, sa ordførar Judith Kvåle under den offisielle opninga.

Eit første steg for Eidsgata

Den nye møteplassen er ein del av «Midt i gata», eit samarbeid mellom Stad kommune, Stad Vekst U40 og LARK Landskap. Vestland fylkeskommune har støtta prosjektet med midlar, medan elevar ved Eid vidaregåande har stått for produksjonen.

Målet har vore å skape ein stad som inviterer fleire til å stoppe opp, setje seg ned og bruke meir tid i Eidsgata. Prosjektet er avgrensa i både storleik og kostnad, men er samtidig eit synleg første steg i det langsiktige arbeidet med å skape meir aktivitet og trivsel i gata.

– Eidsgata har ei historie vi skal ta vare på, og ho har moglegheiter vi enno ikkje har teke fullt ut i bruk. Fortida kan vi ikkje endre, men utviklinga framover kan vi påverke. Stad kommune ønskjer å ta vare på kvalitetane Eidsgata har, samtidig som gata blir utvikla og teken i bruk på nye måtar, sa Kvåle til dei frammøtte.

Elevane bygde møblane

Elevar ved Eid vidaregåande skule har bygd møblane på torget. Arbeidet deira har dermed fått ein sentral og varig plass i lokalmiljøet.

Ordføraren trekte særleg fram verdien av at ungdom har fått bidra med både fagkunnskap og praktisk gjennomføring.

– Eg synest det er så fint og kult at elevane har laga det. Dei kan gå gjennom gata og sjå sitt eige arbeid. Og det kan dei gjere i mange, mange år, sa Kvåle.

Ho peika på at elevane har skapt noko konkret som no kan brukast av heile lokalsamfunnet.

Skal samle erfaringar i to år

Torget er ikkje tenkt som ei endeleg løysing. Dei neste to åra skal kommunen følgje med på korleis området blir brukt og samle erfaringar og innspel til den vidare utviklinga.

Allereie no er det teikn til at møteplassen fungerer etter føremålet. Lokalbefolkninga har teke benkane i bruk, og på dagar med cruisebesøk set også turistar seg gjerne ned her.

– Det er veldig kjekt å sjå at folk bryr seg om gata. Vi håpar dei vil setje pris på torget og ta det i bruk, sa rådgjevar Mirjam Kreisel, prosjektdeltakar frå Stad kommune.

Det nye torget er eitt av fleire tiltak som kan bidra til å styrkje gata som møteplass og skape nye grunnar til å opphalde seg i sentrum. Erfaringane frå dei neste to åra vil vere viktige når kommunen skal vurdere korleis området kan utviklast vidare.