Program for frigjerings-, veterandagen og Røde Kors-dagen 8. mai8. mai er ein viktig merkedag i Noreg. Denne dagen markerer vi frigjeringa etter fem års okkupasjon i 1945, og samstundes heidrar vi alle som har gjort teneste for Noreg i internasjonale operasjonar og Røde Kors dagen.I tradisjonen tru vert dagen markert med ei høgtideleg samling på Plassen på Nordfjordeid for å minnast historia, gi takk og vise respekt.Program for markeringa 8. mai 2026Kommunen inviterer innbyggjarar, veteranar, pårørande og andre interesserte til markering:Kl. 17.00 Oppstilling til folketog v/Eid KyrkjeKl. 17.10 Avmarsj folketogKl. 17.30 Arrangement ved minnesmerket Sørgende Mor.Taler for dagen.Eid Musikklag deltek.Ca. kl. 18.15 Festsamvere i husa på Eksersisplassen v/Plassens vennerkl. 19.30 Vårkonsert i Eid kyrkje med Stårheim songlag og Eid Mannskor (bill. kr. 200,-)kl. 20.00 Nordfjordveteranane inviterer til sosial pizza-samling på Cats for veteraner frå internasjonale operasjonar. Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på markeringa. Ein særskild invitasjon til veteranar frå internasjonale operasjonar.Samarbeid i Nordfjord ønskjer deg vel møtt! Publisert 06.05.2026 14.10 Sist endra 06.05.2026 14.19