Regionalt miljøprogram - Søknadsfrist 15. oktober

Alle føretak i Vestland som er berettiga produksjons- og avløysartilskot kan òg søkje om regionale miljøtilskot, dersom dei oppfyller vilkåra for eitt- eller fleire av tiltaka i ordninga.

Frå Statsforvaltaren i Vestland: Regionalt miljøprogram for Vestland er eit strategiprogram fastsett av Statsforvaltaren i samråd med bondelaget og bonde- og småbrukarlaget. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. I miljøprogrammet er det definert fylgjande delmål:

  • Eit ope og velstelt kulturlandskap
  • Bratt jordbruksareal i aktiv drift
  • God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
  • Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
  • Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
  • Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
  • Minst mogleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag 

Dei regionale miljøtilskota er hovudvirkemidla i miljøprogrammet for å nå delmåla definert over, og dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår.

For oppdatert liste over tiltak ein kan søkje tilskot for i vår region, sjå: Statsforvaltaren si temaside om RMP.

Kontaktpersonar i kommunen: Bernt Reed tlf. 979 91 052 og Jofrid Brennsæter tlf. 979 91 051