Reiselivet i Stad samla til felles arbeidsverkstad 25. februar

Engasjerte aktørar frå reiselivet i Stad kommune møttast for å løfte blikket og utforske kva Stad skal vere i framtida. Gjennom felles refleksjonar og nye perspektiv vart workshopen eit viktig steg for å forme retninga vidare.

Kva er vi mest stolte av i Stad? Kva er det som gjer at folk legg turen hit – og kjem tilbake? Kva kan vi bli best på? Kva er lukta, smaken og lyden av Stad? Og når nokon reiser herifrå om tre år – kva vil vi dei seier på veg heim?

To menn pratar - Klikk for stort bilete

Desse er nokre av spørsmåla som sette tonen då Simen Staalnacke møtte ein engasjert gjeng nærings- og reiselivsaktørar på arbeidsverkstad på rådhuset i Stad kommune 25.02.26. Det handla ikkje berre om marknadsføring – men om identitet, retning og mot.

Simen delte erfaringar frå arbeidet med å byggje sterke merkevarer, mellom anna Moods of Norway. Han fortalte om korleis ein tek kundar med på ei reise – frå å vere «vanlege» kundar til å bli stolte ambassadørar og fans. Nøkkelen ligg i å skape ei forteljing folk kjenner seg att i, og ønskjer å vere ein del av. Bodskapen hans var tydeleg; Stad og Nordfjord har alt som skal til for å lukkast – storslått natur, levande kultur, sterke tradisjonar, skaparglede og vilje til å satse. –Men skal vi ta neste steg, må vi løfte blikket og stå saman. Vi må finne kva som er vår felles retning og forteljing.

–Arbeidsverkstaden er ikkje eit sluttpunkt, men ein start. Ein oppfordring til å utforske kva som samlar oss, kva vi ønskjer å utvikle vidare – og korleis vi kan spele kvarandre gode. Gjennom open dialog og felles retning kan vi gradvis forme ei tydelegare forteljing om Stad, til beste for både næringa og lokalsamfunnet, seier Arild Vonheim, rådgjevar for næring i Stad kommune. 

Kring 30 personar møtte fram for å delta på kreativt verkstad med Simen Staalnacke.
 

Mann held foredrag - Klikk for stort bilete