Rekrutteringsprosjekt til bærnæringa

Rekrutteringsprosjektet til bærnæringa i Gloppen, Stad og Stryn arrangerer to feltturar for alle som er interesserte i eller driv med bærproduksjon.

Det er planlagt feltturar på følgjande tidspunkt:

  • 10. august kl. 18-20: Stine Rake, Loen. Bringebær til industri m.m.
  • 12. september kl. 12-14: BareBær, Borgundvåg. Aronia, solbær, lokalforedling m.m.

Turane er gratis og opne for alle som er interesserte i eller driv med bærproduksjon. For meir informasjon, kontakt landbrukskontoret.