RMP-midlar ved nedlegging, nedfelling og tilførselsslange - dispensasjon frå fristen 10. august

Grunna krevjande vêrforhold denne sommaren har Statsforvaltaren gitt dispensasjon frå kravet om at all husdyrgjødsel må vere spreidd før 10. august for at ein kan få RMP-tilskota for nedlegging/nedfelling av husdyrgjødsel og spreiing med tilførselsslange.

Dersom du har brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange ein eller fleire gongar før 10. august, kan du søke på tilskota. Dette gjeld sjølv om du gjødslar same areal med anna utstyr etter 10. august.

Sjå meir informasjon på Statsforvaltaren sine nettsider.