Skogbrannfare

Med ei lengre tørkeperiode er det no betydleg auka fare for brann i skog og utmark. 

Frå 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp i eller i nærleiken av skog og utmark. 

Sol, varme og vind som vi no har hatt i lang tid gjer faren for brann spesielt stor. Tørr vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen. 

Vi ber dykk lese varselet for Sogn og Fjordane på varsom. no og halde dykk oppdatert. 

Ver forsiktig! Tenk branntryggleik! Er du usikker på om du skal tenne bål, ikkje tenn bål før det er kome ein god del nedbør! 

Skogbrann meldast til telefon 110.