Søk produksjons- og avløysartilskot no!15. oktober er søknadsfrist for produksjons- og avløysartilskot del 2.Denne skal leverast av både husdyrprodusentar og planteprodusentar.Søknad leverast digitalt. Du finn lenke til innlogging/skjema på Landbruksdirektoratet sine ordningssider. Her finn du òg lenke til søkjerettleiinga.Viktige datoar:Teljedato: 1. oktoberSøknadsfrist: 15. oktoberFrist for endring av innsendt søknad: 29. oktoberFrist for etterregistrering av enkelte opplysningar: 15. oktoberVed for sein levering av søknaden blir utbetalinga redusert med 1000 kr for kvar dag. Absolutt siste innleveringsfrist er 29. oktober.Ekstra viktig med fysisk teljing (storfeprodusentar):Vi har fått melding om at tekniske problem hos Eana kan føre til at tala i Husdyrregisteret/Eana ikkje stemmer overeins med dyretalet føretaket faktisk disponerer. Det er difor ekstra viktig i år med fysisk telling av dyra i fjøset 1. oktober. Sjå sak på Eana sine nettsider.Ta kontakt med landbrukskontoret i god tid dersom du har spørsmål om ordninga eller innlevering av søknad!Kontaktpersonar: Bernt Reed tlf. 979 91 052 og Jofrid Brennsæter tlf. 979 91 051 Publisert 30.09.2026 11.10 Sist endra 30.09.2026 11.10