Søkjer etter "Menn i helse"Er du - eller kjenner du - ein omsorgsfull mann mellom 19 og 55 år som kunne passe til å jobbe i helsesektoren?Gjennom prosjektet Menn i helse kan du ta fagbrev som helsefagarbeidar via eit komprimert utdanningsløp. Tiltaket er for deg som har rett på oppfølging og tiltak frå Nav, og ønskjer ei ny retning i arbeidslivet. Over 90 % av dei som har teke fagbrev gjennom Menn i helse i regionen, er no i jobb!Motivasjon er viktigare enn alder, du kan vere alt frå tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytelsar frå NAV og lønn frå kommunen.For kull 2026 blir det gjennomført uforpliktande infomøte i januar og februar 2026. Les meir om prosjektet på heimesida http://www.mennihelse.no og meld deg på infomøte.Ta gjerne også kontakt med din Nav-rettleiar for meir informasjon om oppstart kull 2026.Fylkeskoordinator Mads Orheim kan òg nåast på telefon 93 45 14 67 om det er spørsmål. Publisert 19.12.2025 15.44 Sist endra 19.12.2025 16.14