Søknad om dekning av uteståande medlemskontingentar, treningsavgifter eller deltakaravgift for 2023Lag og organisasjonar kan nå søke dekning for uteståande medlemskontingentar, reiseutgifter, treningsavgifter og deltakaravgift for 2023. Samla pott som vert delt ut er kr. 50.000,- Søknad skal leverast digitalt innan 1. desember 2023.Fordelinga av tilskotet til det enkelte lag og organisasjon, blir gjort administrativt etter følgjande reglar:Laget må ha eit styre, betalande medlemer og føre eige rekneskap. Laget må vere registrert i Frivilligregisteret og ha eige organisasjonsnr.Sum uteståande midlar og tal born og unge dette gjelder må være med i søknaden. Ordninga skal vere ikkje stigmatiserande og minst mogleg synleg. Tildelinga blir gjort administrativt ut i frå budsjett og mottatt midlar får Bufdir.Ordninga gjelder for lag og organisasjonar som aktiviserer barn, unge og funksjonshemma frå 0 til og med 24 år i Stad kommune.Tildeling/ utbetaling:Vedtak om tildeling av midlar blir sendt den som står som kontaktperson for søknaden.Tildeling blir utbetalt til søkar og ikkje direkte til vedkomande. Tildelte midlar blir utbetalt til det kontonummer som står oppgjeve i søknaden før 1. januar 2024.Send inn søknad her: Søknad om dekning av uteståande medlemskontingentar, treningsavgifter eller deltakaravgift for 2023 - Stad Kommune Publisert 09.11.2023 08.36 Sist endra 09.11.2023 08.36