Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026

Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet?
 

NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26

Frist 15. oktober 2026

  1. Søknadfrist for å søke om spelemidlar 2027 til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  2. Frist for å sende inn innspel til handlingsprogrammet 2027-2030 (For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan)

Spelemiddelsøknad 2027

Søknadsskjemaet er opna - Søknadsfristen er 15. oktober 2026.

Søknaden skal sendast inn elektronisk via nettsida www.anleggsregistert.no
denne sida vil du finn den informasjon du treng for spelemiddelsøknad med blant anna

  • vilkår og krav
  • søknadsprosess
  • dokumentasjonskrav
  • hjelp til utfylling
     

Viktig informasjon 

Frå og med 15.juni 2026 gjelder ny “Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilloverskuddet til Norsk Tipping

Til forskrifta følgjer “Rundskriv 01/26 Tilskuddssatser for tilskuddsberettigede anleggstyper for søknadsåret 2027”.

Det er og laga ein rettleiar: "Veiledning til forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet"

De finn alle dokumenta samla her

Søknadsskjema

Søknadsskjema er elektronisk og du må nytte din personlege Bank ID for pålogging. Trykk på «Logg på Skjema» på denne sida for å logge inn på søknadsskjema.

Elektronisk søknadsskjema

Anleggsnummer

Anlegget må være registrert i Anleggsregisteret av kommunen. Den enkelte organisasjon må ta kontakt med kommunen for å få anlegget oppført i registeret. Dersom korrekt organisasjon er kopla til korrekt anlegg av kommunen i Anleggsregisteret, vil søkar få opp ei liste over sine anlegg ved utfylling av søknaden.

Er det nytt anlegg må de sende informasjon om anlegget/prosjektet og be om anleggsnummer til e-post: anna.karete.bjorlo@stad.kommune.no eller post@stad.kommune.no 

Hadde du godkjent søknad, men ikkje tildeling sist? 

  • Husk at du må fornye søknaden. 
  • Husk å legge inn eventuelle endringar i prosjektet.

Dersom det var du som fylte ut søknaden i fjor vil du få opp forslag om å fornye/gjenta søknaden i vindauget som kjem opp etter pålogging til søknadsskjemaet.

Dersom nokon andre fylte ut søknaden for din organisasjon i fjor må du ha referansenummeret på den tidlegare innsendte søknaden, og organisasjonsnummeret til organisasjonen du fyller ut søknad for. Etter pålogging på skjemaet vel du linken “Andre søknader til gjentakelse/fornying” nederst i vinduet som kommer opp. Her skriv du inn referansenummeret og organisasjonsnummeret.

Innspel til handlingsprogram 2027-2030

Fristen for å sende innspel til handlingsprogrammet 2027-2030 er 15. oktober 2026.
For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan. Kvart år blir handlingsprogrammet rullert. 

Kva betyr rullering av handlingsprogrammet? 
Handlingsprogrammet gjev ei oversikt over kva anlegg som det er planlagt å søkje spelemidlar for, og det er også eit vilkår for å kunne søkje spelemidlar at anlegget er vedteke inn i ein kommunedelplan. Det er anleggseigar sjølv som spelar inn anlegget. Handlingsprogrammet synleggjer elles behov av anlegg som kan løyse ut spelemidlar.

I denne rulleringa kan kommunen vedta å ta inn i handlingsprogrammet: 
· Alle typar anlegg (ordinære anlegg og nærmiljøanlegg) 
· Tiltak frå langtidsprogrammet i kommunedelplanen 
· Tiltak som allereie ligg i vedteken handlingsprogram for 2026-2029 blir vidareført om det ikkje er sendt inn melding om endring.

Alle lag og organisasjonar må sjå gjennom tidlegare vedteke handlingsprogram for å vurdere om sine anlegg/prosjekt framleis er aktuelle.
Er det ikkje konkrete planar om det aktuelle anlegget/prosjektet i løpet av dei neste 4 år, må du sende inn informasjon om dette.

Her kan du lese heile sak (25/3268) Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet der handlingsprogrammet vart vedteke.

Førre vedteke handlingsprogram til Stad kommune 2026-2029

Dei anlegg/prosjekt som fekk tildeling av tilskot i 2026 ligg i dette handlingsprogrammet, men blir tatt ut av programmet i arbeidet fram mot nytt handlingsprogram.

Kva må vere med i eit innspel?

  • Informasjon om prosjektet? (mest mogleg informasjon om prosjektet for eksempel oppstartplan, ferdigstilling, kostnadar osv. Dette vil variere då det er ulikt kor langt ein er kome i planlegginga)
  • Kven spelar det inn og har planar om dette anlegget?
  • Kvar skal anlegget ligge? 

 

Frist for innspel til handlingsprogrammet er sett til: 15. oktober 2026.

Skriftleg innspel sendast gjennom: 

Sikker digital post       

Merk med “Innspel til handlingsprogram - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2027-2030.”

eller 

Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Merk med: Innspel til handlingsprogram - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2027-2030.

Har du spørsmål når det gjeld søknad om spelemidlar eller innspel til handlingsprogrammet ta kontakt på e-post:

Har du huska å oppdatere «Stad Foreningsportal»?

Det er laga sjølv som oppdatera sin informasjon.
Manglar ditt lag tilgang? Ta kontakt på Tlf.: 41460042 / post@eid.frivilligsentral.no
Stad foreiningsportal