Stad kommune er Miljøfyrtårn!

Klimaendringar er vår tids største utfordring, og behovet for synlege verkemiddel i klimapolitikken er veksande. Miljøfyrtårn er eit konkret og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, der føremålet er å heve miljøprestasjonane i eigen verksemd. 

Miljøfyrtårnsertifiseringa tek for seg et bredt spekter av tema, som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport og avfall. Vi ønskjer å få ei betre miljøleiing i Stad kommune ved å oppdatere eksisterande rutinar, samt få inn nye rutinar for å tenkje miljø i arbeidskvardagen. 

Arbeidet med sertifisering av Stad kommune som Miljøfyrtårn starta opp hausten 2023. Sertifisering av hovudkontoret - rådhuset og kommunehuset i Selje, blei gjennomført og godkjend i april 2024.

Miljøsertifiseringa vart markert i kommunestyret torsdag 02.05, med synleg diplom som fortel at ein er Miljøfyrtårn.

Hausten 2024 startar prosessen med sertifisering av sektoren for oppvekst og opplæring. 

Les meir om arbeidet med miljøfyrtårn.
 

 

 


 

 

 

 

 

Vi treng dine innspel for å bli betre

Har du innspel til korleis ein kan redusere belastningar på klima, miljø og arbeidsmiljø ved å gjere endringar i vår drift? 

Gje dine innspel