Eininga for kulturarv i Stad kommune har søkt om støtte til tre prosjekt som alle handlar om tilrettelegging, utbetring og merking av historiske ferdselsvegar på Stadlandet:
- Kongevegen over Mannseidet
- Den gamle postvegen over Berstadeidet
- Den gamle kyrkjevegen frå Dragseidet til Liset
Desse vegane har gjennom lange tider vore sentrale ferdselsårer for lokalbefolkninga. I tillegg er det truleg at alle tre rutene vart nytta av pilegrimar på veg til Selja i mellomalderen – eitt av dei viktigaste heilagstadene i Noreg.
– Tilskotet gjer det mogleg å løfte fram og bevare viktige kulturminne samtidig som vi styrker tilrettelegginga for friluftsliv, seier kultursjef Geir Holmen.
Stadlandet har eit rikt kulturhistorisk landskap, og arbeidet med dei gamle ferdselsvegane vil bidra til både lokal verdiskaping og betre opplevingar for innbyggarar og besøkande. Tilrettelegginga av dei historiske vegane inngår som del av verdiskapingsprosjektet «Stad i 4000 år», som har ein arbeidspakke for rydding og merking av turvegar. Formålet er å etablere god infrastruktur for turar på Stadhalvøya for pilegrimar, turistar og lokalbefolkning – både med og utan guide.
Prosjektleiarane for dei historiske vegprosjekta, Tonje Ramse Trædal og Henriette Hafsaas, er svært nøgde med tildelinga.
– Stadlandet sitt nettverk av gamle vegar er ein unik ressurs. No får vi moglegheit til både å ta vare på kulturminna og gjere dei meir synlege og tilgjengelege – ikkje minst for pilegrimar og andre som ønskjer å vandre gjennom historia, seier Tonje Ramse Trædal, som òg er leiar for Regionalt Pilegrimssenter Selje.
Dei historiske vegane vil dessutan inngå som vandreetappar langs Kystpilegrimsleia, som er ei kombinasjonsreise til sjøs og til lands mellom Egersund og Trondheim. Selja kloster og helgenanlegg er ein viktig nøkkelstad som pilegrimane kan besøke langs denne leia.
– Dette betyr at vi kan ta tak i viktige ferdselsårer som mange har ønskt seg betre framkomst på. Midlane gjer at vi kan kombinere kulturhistorie, friluftsliv og berekraftig tilgjenge på ein god måte, seier Henriette Hafsaas, som òg har ansvar for Selja kloster og helgenanlegg.
Prosjekta skal etter planen gjennomførast i 2026–2027.
For meir informasjon: Kontakt Stad kommune ved Henriette Hafsaas, rådgivar kulturarv, mobil 40 20 79 73.
