Stad kommune på "Arendalsuka 2024"

Frå 12.-15. august er Stad kommune på plass under Arendalsuka 2024 med kontor og møtestad på Teaterplassen 1. I år  står Stad skipstunnel høgst på agendaen.

Som vertskommune for Stad skipstunnel ønsker Stad kommune å dele kunnskap frå prosjektet og synleggjere moglegheitene og ringverknadane Stad skipstunnel vil gje. Kontoret og møteplassen er etablert i samarbeid med bl.a Kystverket/Stad skipstunnel, Stad Vekst og Invest Fjordane.

- Etter fleire år med førebuing sit kommunen med mykje erfaring knytt til plan-/ reguleringsarbeid og samarbeid med Kystverket for å få til berekraftig forvaltning av ressursar som kan gje verdiskaping for oss lokalt. Dette kan vere nyttig og interessant for andre kommunar og aktørar å høyre om, seier Astrid Fossheim Paulsen, kommunalsjef for kultur og samfunn. 
- Vi er sjølvsagt også til stades for å ha dialog med potensielle aktørar for etablering av ny grøn næring langs kysten, og diskutere kva moglegheiter nye næringsområde tett på tunnelen og skipsleia kan gje.  

Kontoret er i utgangspunktet ein møteplass for informasjon og diskusjon om Stad skipstunnel, men alle som måtte ønskje er velkomne innom for eit besøk og ein kaffiprat, oppmodar Astrid F. Paulsen.

Stad kommune vil vere representert med kommunedirektør Kristine Dahl, kommunalsjef Astrid Paulsen, dagleg leiar i Stad energi- og eigedomsutvikling Svein Otto Melheim og rådgjevar Arild Vonheim.

Tema under veka:

  • Ringverkandar og moglegheiter for næringsutvikling i området
  • Berekraftig verdiskaping gjennom plassering av overskotsmasse i nærområdet
  • Unike areal tett på tunnelen og skipsleia; (PDF, 4 MB)Kva næringsareal er ferdigregulerte og klare for utvikling når tunnelen er bygd?


Arrangement på programmet

Stad skipstunnel har to arrangement på programmet under Arendalsveka. 
Desse vil finne stad på Vestlandsbåten M/S Sandnes tysdag 13. august.
kl. 14.00: “Vi er klare for Stad skipstunnel”
kl. 15.15: “Stad skipstunnel - frå djupvassdeponi til berekraftig massebruk og ny infrastruktur” 

Invitasjon (PDF, 2 MB) til møteplass og arrangement i Arendal frå 12.-15. august.

Bilete av invitasjon. Viser tunnelportal med båt i opninga. Sjø og tilrettelagt grøntområde. Norgeskart som viser kvar Stad skipstunnel er lokalisert. - Klikk for stort bilete