Stad kommune på Arendalsveka 2026

10.–14. august er Stad kommune på plass under Arendalsvek. Gjennom fleire arrangement skal kommunen bidra i samtalar om tema som er viktige både lokalt og nasjonalt. På programmet står mellom anna Stad skipstunnel, velferdsteknologi, klimaberedskap og omstilling i kommunesektoren.

Arendalsveka er ein nasjonal møteplass for politikk, samfunnsdebatt og interesseorganisasjonar. Kvart år samlast politikare, næringsliv, statlege etatar, organisasjonar, forskare, media og publikum for å diskutere dei viktigaste spørsmåla i samfunnet, med mål å styrke tilliten til det norske demokratiet. 

Under Arendalsveka deltek ordførar Judith Kvåle og kommunedirektør Kristine Dahl i ulike forum, og fleire av desse kan du følgje digitalt. I tillegg arrangerer Region Fjordane i samarbeid med Invest in Fjordane, Sogn og Fjordane Energi, Tafjord Kraft og Linja ei samling rundt norsk energipolitikk.

Stad kommune si deltaking på Arendalsveka følgjer opp fleire av satsingsområda i kommunen, der tema som framtidas helse- og omsorgstenester, samfunnstryggleik og beredskap, næringsutvikling, klima, energi, lokaldemokrati og regionale samarbeid står sentralt. 

- Det er svært positivt at arbeidet som kommunen gjer vert løfta fram på ein nasjonal arena som Arendalsveka. At vi som kommune vert invitert til å fortelje om korleis vi arbeider med nokre av kommune-Norge sine største utfordringar framover, er eit uttrykk for at organisasjonen har utvikla erfaringar og løysingar som andre ønskjer å høyre meir om, seier ordførar Judith Kvåle.

Debattar der kommunedirektøren skal delta:

Slik lykkast vi med velferdsteknologi og digital heimeoppfølging

Korleis sikrar vi forankring og tydelegare eigarskap i kommunens toppleiing når helseteknologi skal takast i bruk i stor skala? 

Når: 11. august kl. 16

Rusta for ras - Kvifor nokre kommunar lykkast med klimaberedskap og andre ikkje

Kvifor er nokre kommunar godt rusta for klimaendringar og ekstremvêr – medan andre heng etter? I denne debatten ser ein på kva som avgjer om kommunar får til klimatilpassing i praksis.

Når: 12. august kl. 16

Den store kommunedebatten

Kva blir dei viktigaste vegvala for Kommune-Norge i åra framover? I Den store kommunedebatten samlast sentrale aktørar til ein engasjerande og innsiktsfull diskusjon om reformer, struktur og omstilling i norske kommunar. 

I del 4: «Omstilling - kva gjer dei beste?» møtast kommunedirektør Kristine Dahl i Stad kommune, Bjørn Brox frå Agenda Kaupang og Andreas Vollsund, ordførar i Time kommune til samtale.

Når: 13. august kl. 10

Stad skipstunnel frå politisk kamp til gjennomføring

Stad skipstunnel vert eit sentralt tema for kommunen under Arendalsveka, og Stad kommune er medarrangør av eit eige arrangement med fokus på historia til eit av Noregs mest omtalte infrastrukturprosjekt. No startar den mest spennande fasen. Korleis skal verdas første skipstunnel byggjast? Kva moglegheiter opnar prosjektet for norsk kompetanse, næringsliv og kysten? Og kva blir dei viktigaste politiske prioriteringane framover?

- Det kviler eit ansvar på kommunen vår i gjennomføringsfasen av Stad skipstunnel. Vi må sikre at vi oppnår lokal, regional og nasjonal vekst som resultat av Stad skipstunnel, og då kan ikkje kommunen stå aleine. Vi må ha med oss nasjonale og regionale styresmakter, og det krev at vi er ute og fortel om prosjektet, inviterar til dialog og byggjer nettverk på dei nasjonale arenaene. Som ein del av det større biletet, er det også avgjerande at vi er til stades i diskusjonane rundt andre tema som er viktig for vekst i regionen vår - slik som kraftdebatten og Vestlandsvegen E39. Eg håpar mange frå kommunen vår vil følgje med på programmet og dei ulike debattane som vert arrangert gjennom veka, avsluttar ordførar.

Arrangement der ordførar fortel om Stad skipstunnel: 

Lær deg å elske Stad skipstunnel: Den store kakekavalkaden - 40 år på 40 minutt

Etter 40 år med utgreiingar, vedtak, omkampar, jubel, skuffelsar og utallege kaker inviterer vi til den store kakekavalkaden. På 40 minutt får du presentert historia om eit av Noregs mest omtalte infrastrukturprosjekt.

Tysdag 11. august kl. 17

Andre arrangement med regional relevans:

Kraftforlik - er det noko vi kan einast om?

Når: 12. august kl. 15

Kva skal til for å få fart på Vestlandsvegen E39?

Når: 10. august kl. 14

E39 Sogn og Fjordane – venting er den dyraste løysinga

Når: 12. august kl. 15.30