Stad kommune regodkjend som Trafikksikker kommune

Trafikksikker kommune er ei nasjonal godkjenningsordning med kriterium utarbeidde av Trygg Trafikk i samarbeid med fylkeskommunane. Ordninga fungerer som eit kvalitetsstempel for godt, målretta og heilskapleg arbeid med trafikktryggleik i kommunen

Stad kommune blei godkjend som Trafikksikker kommune i 2022. Etter ein ny gjennomgang og kvalitetssikring av arbeidet, er kommunen no regodkjend for ein ny treårsperiode.

Torsdag 5. februar blei godkjenninga markert med besøk frå Trygg Trafikk, som kom til Stad kommune for å overlevere den formelle utmerkinga – saman med både gratulasjonar og kake. Ordførar Judith Kvåle, kommunalsjefar og representantar frå fleire kommunale sektorar deltok på markeringa, der kvar sektor presenterte korleis dei arbeider med trafikktryggingstiltak både samla og på tvers.

Ordførar mottek godkjenning frå representant frå Trygg trafikk. - Klikk for stort bilete
Kommunerepresentantar oppstilt i ei gruppe saman med representantar frå Trygg trafikk. - Klikk for stort bilete
Representant frå Trygg trafikk står på talarstol og presenterer. - Klikk for stort bilete
Ordførar skjer kake saman med representant frå Trygg trafikk. - Klikk for stort bilete

– Godt trafikktryggleiksarbeid skal bidra til færre skadar og trygge, nøgde innbyggjarar. Ei godkjenning betyr ikkje at vi unngår alle ulykker, men ho minner oss på kor viktig det er å jobbe systematisk for å skape eit endå tryggare lokalmiljø, understreka Harald Sivertsen, kommunalsjef for oppvekst og opplæring, tydeleg stolt av innsatsen som er gjort i barnehagar og skular.

Kriteria for å bli godkjend som Trafikksikker kommune krev dokumentasjon frå alle einingane i kommunen. Desse kriteria byggjer på lovverk og forskrifter kommunen allereie skal følgje, og arbeidet inneber derfor ikkje meirarbeid – berre ei meir systematisk organisering av trafikktryggleiksarbeidet.

For å lukkast må alle kommunale einingar vere involverte, og kvar einingsleiar må ta sitt delansvar. Arbeidet må også vere godt forankra både politisk og administrativt.

Trygg Trafikk si ordning gir oss eit solid rammeverk for målretta og kvalitetsriktig trafikktryggleiksarbeid. Det blir gjort ein god og viktig jobb ute i einingane, og dei tilsette viser motivasjon og engasjement for arbeidet. Difor er det ekstra gledeleg at Trygg Trafikk løftar fram Stad kommune som ei føregangskommune på området. Det skal vi vere stolte av, avsluttar Kristin O. Aarsnes, koordinator for Trafikksikker kommune i Stad kommune.

Les meir om Trafikksikker kommune