Stad kommune ute av ROBEK

Statsforvaltaren i Vestland delte under Stad formannskap sitt møte 5. mars den gledelege avgjersla om at Stad kommune no er teken ut av Robek-registeret.

Frå talarstolen la Statsforvaltaren ved seniorrådgjevar Marit Lunde vekt på at Stad kommune har gjennomført ein solid snuoperasjon.

Stad kommune har lagt ned eit imponerande arbeid for å få kontroll og styring på økonomien. Vi ser at lånegjelda er på veg ned, og at den nærmar seg landsgjennomsnittet for langsiktig lånegjeld. Dette er svært positivt og gir moglegheit for å styrke kommuneøkonomien framover, sa Lunde.

Statsforvaltaren skal føre lovlegkontroll av budsjettvedtaket til Stad kommune. Dette er gjort, og Stad kommune sitt budsjett- og økonomiplanvedtak for 2026 – 2029 er godkjent. I samsvar med kommunelova sine reglar er Stad kommune no meldt ut av Robek-registeret.

Krevjande, men målretta arbeid

Statsforvaltaren peikte på at kommunen har gjennomført omfattande tiltak for å redusere driftskostnader, styrke planverket og sikre ein berekraftig økonomi på lang sikt.

– Det har vore eit krevjande arbeid. Vi ser at de har teke nødvendige grep, vist vilje, stått samla og sett dykk felles mål for kommunen, sa Lunde, og viste mellom anna til eit tydeleg og einstemmig kommunestyrevedtak i desember 2025, då økonomiplanen for 2026-2029 blei vedteken.

Må halde fram det langsiktige arbeidet

Sjølv om kommunen no er ute av Robek, understrekar Statsforvaltaren at arbeidet ikkje er over.

Stad kommune sin økonomi er framleis skjør, og mange utfordringar ligg framfor oss. Demografiske endringar, tilgang på arbeidskraft og kompetanse, samt eit usikkert rentenivå vil påverke alle kommunar dei neste åra, sa Lunde.

Ho la til at oppfølginga av handlingsplanen i perioden 2026–2027 vil vere avgjerande for å sikre ein stabil og berekraftig økonomi også i framtida.

Takka for samarbeid og deling av erfaringar

Statsforvaltaren takka også Stad kommune for ein god og open dialog gjennom heile prosessen. 

Kommunen fekk òg skryt for si deltaking i læringsnettverket for Robek-kommunar, der Stad har bidrege med erfaringar og refleksjonar som har vore nyttige for andre kommunar i same situasjon.
 

Gruppebilete med Formannskapet og administrasjonen i Stad - Klikk for stort bileteDet var stor glede over bodskapet Statsforvaltaren hadde med seg til formannskapet og administrasjonen i møte 5. mars.
Ordførar, kommunedirektør i Stad saman med Statsforvaltar i Vestland ved talarstolen i kommunestyresalen. - Klikk for stort bileteOrdførar Judit Kvåle, kommunedirektør Kristine Dahl saman med Marit Lunde frå Statsforvaltaren i Vestland.