Stad-ordførar Sigurd Reksnes er dødOrdførar i Stad kommune, Sigurd Erlend Reksnes, er død. Han vart 48 år gamal.Det er i samråd med familien at Stad kommune melder at Sigurd Reksnes sovna stille inn fredag 31. januar.Sigurd Reksnes (Sp) vart ordførar i Stad kommune i 2023. Han var også fylkestingsrepresentant i Vestland, og sentralstyremedlem i Senterpartiet. Han har tidlegare også vore styreleiar i Sogn og Fjordane Energi, og tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti. Nyleg fekk han tildelt Senterpartiets Heidersmerke.Sigurd Reksnes fekk påvist kreft i 2021, og har vore open om sin sjukdomssituasjon. Frå i haust hadde han midlertidig fritak frå ordførarvervet fordi han var under behandling.Han etterlet seg ektefelle og to barn.Våre tankar og medkjensle går til Sigurd sin familie og nære vener i sorga. Foto: privat/SP Judith Kvåle Fungerande ordførar Stad kommune Publisert 01.02.2025 14.31 Sist endra 03.02.2025 07.45