Stad skipstunnel infrastruktur
Utbyggingsavtalen Stad Skipstunnel infrastruktur legg til rette for mottak av massar og mellombels rigg/deponi til Stad skipstunnel, samt infrastruktur og framtidig næringsareal med veganlegg, stiar- og parkanlegg med tilhøyrande infrastruktur. Avtalen oppfyller rekkefølgjekrav fastsette i reguleringsplan Stad Skipstunnel (planID 4649_2022010), vedteken 24.10.2024, med administrative endringar vedteken 07.05.2026. Referanse sak 26/8197.
Førebuande arbeid med sjøvassleidningar
Del 2 av utbyggingsavtalen gjeld førebuande arbeid med sjøvassleidningar i tråd med reguleringsplan for Stad Skipstunnel (planID 4649_202210), vedteken av Stad kommunestyre 24.10.2024, med administrative endringar vedtekne 07.05.2026. Avtalen oppfyller rekkefølgjekrav fastsette i reguleringsplanen for Lesto (planID 4649_2022014), vedteken 24.10.2024, med administrative endringar vedtekne 07.05.26. Referanse 26/8191.
Lesto og Kjøde næringsområde
Utbyggingsavtalen for Lesto og Kjøde næringsområde legg til rette for mottak av massar og mellombels rigg/deponi til Stad skipstunnel, samt infrastruktur og framtidig næringsareal med tilkomstveg, sjøtilkomst og djupvasskai. Avtalen oppfyller rekkefølgjekrav fastsette i reguleringsplan Kjøde (planID 4649_2022013), vedtatt 24.10.2024, med administrative endringar vedtatt 07.05.2026. Lesto (planID 4649_2022014), vedtatt 24.10.2024, med administrative endringar vedtatt 07.05.2026. Referanse sak 26/8207.
Berstad vassverk
Utbyggingsavtalen Berstad vassverk skal sikre nytt vassverk basert på Berstadvatnet, då Selje vassverk ikkje kan møte framtidig behov på forbruk- og sløkkevatn. Stad kommune blir tiltakshavar og eigar av nytt Berstad Vassverk og høgdebasseng på Kjøde. Avtalen oppfyller rekkefølgjekrav fastsette i reguleringsplan næringsområda- Lesto (planID 4649_2022014), vedteken 24.10.2024, med administrative endringar vedteken 07.05.2026.Kjøde (planID 4649_2022014), vedteken 24.10.2024, med administrative endringar vedteken 07.05.2026. Stad Skipstunnel(planID 4649_2022014), vedteken 24.10.2024, med administrative endringar vedteken 07.05.2026. Referanse sak 26/8202.
Utbyggingsavtalen vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 6 juli – 6 aug. og kan lesast på kommunen si heimeside og i resepsjonen på rådhuset. Merknader til avtalen må sendast skriftleg innan fristen til: 06.08.2026.
Stad kommune Rådhusvegen 11 6771 Nordfjordeid eller til post@stad.kommune.no
Etter at høyringsperioden er avslutta, vil avtalen bli lagt fram for endeleg handsaming i Stad kommunestyre.