Status for arbeidet med strategisk plan for Nordfjordeid sentrum

Det strategiske arbeidet er planlagt gjennomført i perioden september 2022 og gjennom vinteren 2023. Arbeidsprosessen er forlenga til hausten 2024. 

Det var planlagt gjennomføring av 4 møter Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid. Desse er gjennomført. 

Som oppfølging av oppgåveutvalet si løypemelding til kommunestyret vart det gjennomført grunnundersøkingar i sjø og strandsone hausten 2023. Våren 2024 vart det sett i gong ein moglegheitsstudie som femner om fortetting, volumstudie, fjordfronten og handels- og næringsanalyse. Det blir òg jobba vidare med skule- og idrettsområdet og inkludering av barn og unge.

Ei administrativ prosjektgruppe jobbar no med å utarbeide eit strategidokument basert på oppgåveutvalet sine diskusjonar og innspel frå anna medverknad. Det er planlagt eit nytt møte i oppgåveutvalet 21. august der dei skal jobbe med utkast til strategiar og medverke til moglegheitsstudien. Strategidokumentet og moglegheitsstudien blir deretter lagt fram til politisk behandling til hausten.

For meir informasjon sjå her!