Stikk UT!

Den 1. mai går startskotet for Stikk UT! i Stad kommune. Då vil det vere mogleg å bli med på landets største turtrim, og registrere turar i Stikk UT!-appen.

Jan Erik Hansen

Klar, ferdig, Stikk UT!

Kommunane Stad, Stryn og Kinn vil vere først ute, med oppstart 1. mai 2024. Det vil då vere mogleg å finne turar i eigen kommune, nabokommunane og på tvers av fylkesgrenser.
Å vere med på Stikk UT! er gratis og passar for alle. Deltakarane lastar ned Stikk UT! appen, lagar seg ein profil og registrere turmåla ein besøker gjennom sesongen.                                                                 
I Appen eller på nettsida til Stikk UT! kan ein finne turar i nærleiken. Alle turane har ein god turskildring, og er godt merka. På kvart turmål vil det vere ein kode som ein registrerer i appen. 
Gjennom sesongen kan ein halde oversikt over turane ein har registrert. Det er og mogleg å sjå statistikk for dei ulike turmåla, og ulike topplister. Om ein ikkje ynskjer namnet sitt på dei ulike listene er det mogleg å delta anonymt. 

Finn ut meir
Stikk UT! har eiga nettside – stikkut.no. Stikk UT! appen kan lastast ned frå App Store eller Google Play. Der kan du sjå meir om turtrimmen.
 

Stikk UT! er vert etablert i samarbeid med grunneigarar, turlag, eldsjeler, kommunane og Fjordane Friluftsråd.