Ukjend mellomalderruin funnen på Selja kloster- og helgenanlegg

På Selja kloster- og helgenanlegg gjennomfører arkeologane Regin Meyer og Dag-Øyvind Engtrø Solem frå NIKU ei forskingsutgraving denne veka. Arkeologane har opna fleire sjakter nord og vest for klosterområdet.

Bakgrunnen er georadarundersøkingar utførte av NIKU i 2021–2022, der ein oppdaga ei rekkje anomaliar som er tolka som arkeologiske spor etter strukturar og konstruksjonsrestar.

Det pågåande feltarbeidet har som mål å etterprøve desse georadarresultata. Ved å grave sjakter over eit utval av strukturane ønsker arkeologane å identifisere byggemåte, ta prøver for datering, og avklare funksjon og aktivitetar på staden.

Etter to dagar i felt kom det første resultatet: Murverk og hellegolv frå ein steinbygning berre 30 meter frå klosteret. Så langt er det synleg ein ruin med to rom, men byggverket held fram under torva.

-Byggemåten tyder på høgmellomalder, og den førebelse hypotesen er at bygningen kan ha vore knytt til produksjon eller handverk i klostertida, forklarar arkeolog Regin Meyer.

Selja har mange ruinar etter klosteret, bispesetet og helgenanlegget, som har vore gravne ut og forska på gjennom 200 år.

-Denne ruinen er ikkje dokumentert tidlegare og er heilt ukjend for oss. Funnet er eit viktig nytt kunnskapsbidrag, og viser at Selja framleis har stort forskingspotensial, stadfester Meyer.

-Eit slikt nytt funn viser berre kor utruleg rik kulturarv vi har i regionen vår og kor mykje vi enno ikkje veit. Det er framleis mogleg å oppdage nye funn som kan kaste nytt lys på vår eiga historie, og historie som har vore med å forme nasjonen Noreg, seier ein entusiastisk kultursjef i Stad kommune, Geir Holmen.

Arbeidet held fram dei komande dagane, med håp om fleire funn – både frå historisk og førhistorisk tid.

NIKU har tidlegare utført fleire oppdrag for Stad kommune knytt til bevaring, dokumentasjon og formidling av mellomalderruinane – eit arbeid som framleis er i gang.

-Som ny rådgivar for kulturarv i Stad kommune, med særleg ansvar for Selja kloster, er det inspirerande å sjå korleis ny forsking kan gi meir kunnskap om denne unike kulturarven. Dette funnet aktualiserer behovet for vidare bevaring av ruinane, grundig dokumentasjon, meir forsking og aktiv formidling av Selja som heilag stad og nasjonalt kulturminne, seier Henriette Hafsaas i Stad kommune.

Arkeologisk funn som viser steiner frå eit bygg.  - Klikk for stort bileteDen nyoppdaga muren med skiljevegg og golvhellar. Foto: NIKU. NIKU.
To arkeologar som ser ned i eit funn. Selja Kloster i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteArkeologane Dag-Øyvind Engtrø Solem (t.v.) og Regin Meyer med delar av ruinen som no er avdekka. Funnet er berre 30 meter frå Selja kloster. NIKU.