Det blir varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for endring, erstatning, vidareføring eller oppheving av reguleringsplanar med bakgrunn i prosjektplan for planvask, stadfesta med følgjande vedtak i kommunestyresak 25/130:
Stad kommunestyre godkjenner prosjektplanen for planvask i Stad kommune og ber administrasjonen gjennomføre prosjektet i tråd med planen og rapportere status i samband med delrapport og sluttrapport.
Prosessen skal hensynta behovet for bustadbygging, aktiv næringsutvikling og aktivt landbruk i kommunen. Vidare skal det leggast opp til politisk involvering i prosessen.
Det er valt å dele opp arbeidet i 2 delar, første del var tidlegare Selje og del av Vågsøy kommunar som vart varsla oppstart for i haust, og andre del er tidlegare Eid kommune som det blir varsla oppstart for no.
Oppstartsvarselet gjeld 91 planar frå tidlegare Eid kommune.
Vedtak frå Stad formannskap 05.03.2026:
F - 26/014 Vedtak:
I samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-14 blir det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for endring, erstatning, vidareføring eller oppheving av reguleringsplanar som er vedtekne før 2020 i tidlegare Eid kommune
Les saka og kva planar dette gjeld her.
Slik gjev du innspel til planen:
Sikker digital post
Send sikker digital post til Stad kommune https://min.kommune.no/s/921060157
E-post
post@stad.kommune.no
Postadresse
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Merk innspelet med saksnummer 26/6335
Har de spørsmål til planarbeidet kan de kontakte Stad kommune på telefon +47 57 88 58 00
Telefontid
Måndag–fredag kl. 09.00–15.00