Velkomen til offisiell opning av det nye torget i Eidsgata!Vi inviterer til offisiell opning av det nye torget i Eidsgata på Nordfjordeid, laurdag 12. september kl 12.Torget er resultatet av Midt i gata – eit samskapingsprosjekt mellom Stad Vekst U40, LARK landskap og Stad kommune. Målet har vore å skape ein attraktiv møteplass midt i sentrum, med rom for opphald, aktivitet, møte mellom menneske og meir liv i gata.Gjennom samarbeid, medverknad og lokalt engasjement har idear blitt til ein ny møteplass som vi håpar vil bli mykje brukt av både innbyggjarar og besøkande.No ønskjer vi å markere at torget er ferdig – og alle er hjarteleg velkomne til å vere med!Dato: 12. septemberTid: kl. 12.00Stad: Torget i Eidsgata, mellom Coco og Betanina, NordfjordeidDet blir offisiell opning av ordføraren Judith Kvåle, servering av kake og enkle aktivitetar for barn.Ta turen innom og bli med når vi opnar den nye møteplassen midt i Eidsgata! Publisert 02.09.2026 11.43 Sist endra 02.09.2026 11.47