Viktig informasjon om ferdsel på Eidsfjorden laurdag 25. april

I samband med årets sjøsetting av Myklebustskipet og tokta på fjorden laurdag 25. april, har Stad kommune innført ei tryggleiksone på 150 meter rundt skipet.

Oppmoding til båttrafikk på fjorden

Stad kommune ber fritidsbåtar og annan sjøtrafikk om å:

  • ikkje nærme seg Myklebustskipet når skipet er på fjorden
  • halde ei avstand på minst 150 meter når skipet er på fjorden
  • NB! Tryggleiksona gjeld også luftrommet 
     
Kart som viser merka tryggleikssone rundt skipet - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tiltaket er sett i verk for å sikre trygg ferdsel for alle. Stad kommune ber om at oppmodinga blir respektert og at ein følgjer den generelle aktsomhetsplikta for ferdsel på sjø: Alle som ferdes i sjøen skal opptre aktsomt for å unngå fare for liv, helse, miljø eller materielle verdier.

NB! Tryggleiksona gjeld alle dagane (23.-26.4), men er særskilt streng laurdag 25. april under besøket av HKH. Eit ev brot på tiltaket er då etter lova straffbart. 

Ansvar

Stad kommune er hamnemyndigheit og har ansvar for trygg ferdsel i sjøområdet.
Arrangøren (Sagastad) har ansvar for sjølve arrangementet, inkludert sjøsettinga og gjennomføring av tokta.

Program for 23.-27. april 2026

Vi oppmodar også alle om å ta del i dette flotte arrangementet!  

Det er sjøsetting torsdag 23, tokt 24, 25 og 26, og skipet blir satt på land mandag 27.

Her kan du lese heile programmet for dagane!