Vinnaren av Ungdomens kulturpris 2025 er klar

Ungdomens kulturpris for 2025 går til Nattkaféen på Eid og i Selje. 
Det var eit einstemmig samfunnsutval som onsdag 4. mars gjorde vedtak påStad ungdomsråd si innstillinga i saka. 

Ungdomens kulturpris delast kvart år ut til ungdomar eller organisasjonar som har utmerka 
seg med sin innsats eller resultat innanfor sin aktivitet. 

Grunngjeving for innstillinga

Nominasjonen har kome inn frå ungdomane sjølve. Grunngjevinga frå deira side er at Nattkafeen er eit viktig sosialt treffpunkt for ungdomane både på Nordfjordeid og i Selje. Dei løftar fram kor viktig det er for ungdomen å treffast fysisk, og føle tilhøyrsle til eit ungdomsmiljø på fleire måtar enn gjennom skule og sosiale media. Ungdomane syner til at Nattkafeen er ein trygg møteplass med vaksne til stades, og eit godt og variert aktivitetstilbod for ungdom med ulike interesser. 

– Reaksjonane var mange då det vart opplyst at nattkafeen skulle avviklast, men takka vere gode samfunnsaktørar er tilboda no oppretthalde. Gjennom prisen ønskjer ungdomsrådet og juryen å bidra til å styrkje dette flotte tilbodet til ungdom i Stad kommune, seier Ståle Sandal, politisk representant i Stad ungdomsråd.

Prisen på kr. 10.000,- vert delt på Nattkafeen på Eid og i Selje. Det er eit ynskje at midlane skal øyremerkjast til innkjøp av spel og anna fysisk aktiviserande materiell til lokalitetane i Selje og på Nordfjordeid. Ungdomsrådet viser til at Stadlandet ungdomslag blei tildelt kulturprisen 2025, bl.a. for deira arbeid med Blikken ungdomsklubb, eit tilbod på linje med Nattkafeane.

Sjølve utdelinga er planlagt gjennomført i kommunestyremøtet torsdag 12. mars.