Høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering for vegkryss riksveg 15 - Sjøgata

Formannskapet vedtok 13. juni å legge detaljregulering for vegkryss rv. 15-Sjøgata på Nordfjordeid ut til offentleg ettersyn. Uttalefrist 6. september 2024.

Detaljregulering for vegkryss rv.15-Sjøgata vart handsama av Stad formannskap i sak F-24/086 den 13. juni 2024:

F-24/086 Vedtak:
Forslag til detaljreguleringsplan for vegkryss riksveg 15-Sjøgata på Nordfjordeid (planID 2023004) blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.


Før planforslaget blir sendt på høyring skal planområdet utvidast slik at det vert sikra høve til parkering på delar av gnr. 43 bnr. 93 (Magnifikk - Sjøgata 101), som vist på teikning E_03. Utvida areal skal regulerast til næring - serveringsstad, med naudsynt utnyttingsgrad. Varsel om utviding av planområde skal varslast samstundes med at planen blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Administrasjonen får fullmakt til å gjere denne endringa samt eventuelle administrative endringar i plandokumenta før planforslaget blir sendt på høyring.

Offentleg ettersyn og varsel om utvida planområde

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Samstundes med offentleg ettersyn blir det varsla om ei lita utviding av planområdet mot sørvest, i tråd med andre avsnitt i vedtaket. Utvidinga gjeld areal på gnr. 43 bnr. 93 og gnr. 44 bnr. 411. Utvidinga blir gjort i samråd mellom grunneigar og Stad kommune, og består av ei lita innsnevring i køyrebana, to plassar til gateparkering og auka utnyttingsgrad, for å sikre høve til å opparbeide parkering for serveringsverksemda.

Planforslaget

Forslag til plankart for detaljregulering vegkryss rv.15-Sjøgata som er lagt ut til offentleg ettersyn. - Klikk for stort bileteForslag til plankart for detaljregulering vegkryss rv.15-Sjøgata som er lagt ut til offentleg ettersyn. (Sjå teiknforklaring i originalfil.)

Planforslaget omfattar ei utviding av dagens kryss mellom riksveg 15 og Sjøgata på Nordfjordeid. Krysset vert utbetra med nytt venstresvingefelt på riksveg 15 og to køyrefelt i Sjøgata inn mot riksveg 15, for å betre kapasiteten i krysset og legge til rette for framtidig næringsutvikling og fortetting i Nordfjordeid sentrum.

Planen sikrar gode løysningar for gåande og syklande og kollektivtrafikk, og omfattar derfor også regulering av nytt fortau i sideveg til Sjøgata mot Nordøyrane.

Kryssområdet blir hovudsakleg regulert til offentlege vegformål, med offentleg veggrunn langs gatene for å sikre areal for vedlikehald (snøopplag mv.). I tillegg går reguleringsplanen inn på tilgrensande areal med mellombels anleggsområde, slik at ein sikrar seg rett til å arbeide på desse areala når veganlegget skal byggast.

Merknader til planforslaget

Skriftlege uttaler til planforslaget må merkast med arkivsaksnummer «24/2923», og kan sendast via skjema på kommunen sine heimesider, per sikker digital post eller per post til Stad kommune, Rådshusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Frist for å kome med uttale er sett til 6. september 2024.

Meir informasjon

Alle plandokumenta, rapportane og merknadsskjema er tilgjengeleg her:

Høyringssak 24/2923

Berørte grunneigarar, naboar og andre interesserte er invitert til eit felles informasjonsmøte måndag 26. august kl. 17:00-19:00 på Stad rådhus. Meir informasjon om dette ligg i høyringsbrevet.