Høyring - Planprogram for kommunedelplan for naturmangfald 2026-2038

Stad formannskap gjorde i møte 12. juni, F - 25/080, vedtak om legge ut forslag til planprogram for kommunedelplan for naturmangfald 2026-2038 til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel til planprogrammet er 31. august 2025.

Planprogram - Kommunedelplan for naturmangfald 2026-2038

I den offentlege høyringa av planprogrammet ønskjer vi innspel til følgande:

- Har du konkrete innspel til innhaldet i sjølve planprogrammet?

- Har du innspel til lokale nøkkelpersonar som har kjennskap til lokale naturverdiar som bør involverast i arbeidet?

Har du også innspel til lokalt naturmangfald som du meiner kommunen bør ta med i planarbeidet? Då kan du sende inn dette her: skjema naturmangfaldplan. Dette innspelsskjemaet vil ligge opent gjennom heile planarbeidet.

Kva er eit planprogram?

Eit planprogram er eit arbeidsdokument som ikkje må forvekslast med sjølve planen. Planprogrammet er ein prosjektskildring av vegen fram mot endeleg naturmangfaldplan. Framlegg til planprogrammet er ikkje eit endeleg dokument, men eit utgangspunkt for vidare drøfting og forbetring. Offentleg ettersyn av planprogrammet skal sikre at ulike interessentar får uttale seg før politisk behandling ved endeleg vedtak av planprogrammet.

Kvifor treng vi ein naturmangfaldplan?

Ein naturmangfaldplan er ein langsiktig plan for naturmangfaldet i Stad kommune og ein direkte oppfølging av samfunnsdelen. Formålet med kommunedelplan for naturmangfald er å bidra til kunnskap og bevisstheit om naturen, som grunnlag for interesseavveging. Ein naturmangfaldplan skal også identifisere tiltak for sine naturverdiar, som skal sikre at naturen blir forvalta på ein god måte. Naturmangfaldplanen skal leggast til grunn for det vidare arbeidet med planvask og revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Naturmangfaldplanen er også sentral inn i pågåande arbeid med å få på plass eit areal- og naturrekneskap i kommunen

Korleis gje innspel til høyringa?

For å gje innspel, bruk elektronisk skjema som du finn under sjå og gje innspel til saker på høyring, via sikker digital post eller per post (merk med referansenummer 25/25019, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid).

Det er mogleg å ta direkte kontakt med sakshandsamar (marte.sofie.soreide@stad.kommune.no) dersom du har spørsmål til planprogrammet. Det er også mogleg å avtale tidspunkt for å komme innom kontoret på rådhuset for ein prat i løpet av høyringsperioden. Når fristen er ute, vil alle innkomne innspel bli vurdert, før planprogrammet vert lagt fram til behandling for politisk vedtak.