Planvask

Stad kommune er i gong med prosjekt planvask. Bakgrunn for dette arbeidet er å få ei meir effektiv og føreseieleg byggjesakshandsaming, samt å få oppdatert plangrunnlaget i kommunen. Kommunen er tildelt Natursatsmidlar frå Miljødirektoratet for å vurdere om eldre vedtekne arealplanar skal endrast, erstattast, vidareførast eller opphevast med bakgrunn i dagens kunnskap om naturmangfald.

Kva er planvask?

Planvask er ein systematisk gjennomgang (revisjon) av arealplanar der det vert vurdert om planen skal opphevast, endrast, erstattast eller vidareførast. Mange av dagens arealplanar er gamle og utdaterte, og ein grundig gjennomgang vil gje kommunen eit oppdatert planverk. Dette vil på sikt gje forenkla, lik og meir effektiv byggjesakshandsaming.

Arbeid med arealplanrevisjon

Omgrepet planvask er eit nokså nytt omgrep, og det er ikkje utarbeidd nasjonal rettleiar for revisjon av kommunale arealplanar enno. Stad kommune tek utgangspunkt i ei utgreiing som vert grunnlag for ein nasjonal rettleiar av Holth & Winge (2024), i tillegg til DigiVestland (2023) sin tilrådde praksis for evaluering og oppheving av reguleringsplanar.

Arealplanane som skal gjennom revisjon er reguleringsplanar vedtekne før 2020. Område som er avsett med anna arealføremål enn LNF(R) i kommuneplanen sin arealdel, men er utan nærare regulering, vert med dette ikkje omfatta av revisjonen.

Første omgang av prosjektet vil avgrensast til å gjelde arealplanar med den geografiske avgrensinga som svarar til gamle Selje kommune og del av gamle Vågsøy kommune. Varsel om oppstart av gjennomgang av arealplanar skal leggast fram for politisk vedtak i løpet av hausten 2025.

Andre omgang av prosjektet vil omfatte arealplanar i det geografiske området som tilsvarar gamle Eid kommune. Det vil bli varsla oppstart av dette arbeidet i løpet av 2026.

Vurderingar av arealplanane vil utførast etter same metode. Det skal fattast politiske vedtak om planane skal erstattast, endrast, vidareførast eller opphevast.

 

Kort om arealplanar i 3 kategoriar

Ein kan dele inn dei eksisterande arealplanane i 3 kategoriar som vist i figuren under; ikkje-gjennomførte planar, gjennomførte planar, og planar som er utgått/erstatta. For arealplanar som er utgått eller erstatta av nyare plan vil målet vere å oppheve planane. Slike planar har ikkje rettsverknadar, og nyare planar vil framleis gjelde for aktuelle område. For ikkje-gjennomførte arealplanar og arealplanar som er delvis gjennomførte skal det vurderast om heile eller delar av planområdet avsett til utbyggingsføremål skal takast ut att av planen eller vidareførast. For heilt gjennomførte planar skal det gjerast ei vurdering på om planen fungerer som styringsverktøy for byggjesakshandsaming.

  
 Eit bilete som inneheld tekst, skjermbilete, tall, lineKI-generert innhald kan vere feil.


 

 

 

I KS-vedtak 25/130 godkjende kommunestyret prosjektet for planvask i Stad kommune med følgjande tilleggspunkt:

Prosessen skal hensynta behovet for bustadbygging, aktiv næringsutvikling og aktivt landbruk i kommunen. Vidare skal det leggast opp til politisk involvering i prosessen.

 

Alle vurderingar som vert gjort i prosjektet må knytast opp mot føresetnaden for Natursatsmidlane, nasjonale og regionale føringar, og våre lokale strategiar og mål, mellom anna frå fastsett planprogram for revidering av samfunnsdelen (KS 25/044):

Det er område som er kritisk for utviklinga av kommunen og der vi vel å rette ekstra innsats mot: (…) 4. Redusere klimagassutslepp og ta vare på naturen: Klima og miljø er ein premiss for samfunnsutviklinga. Alle i Stad kommune skal kunne leve gode liv i eit lågutsleppssamfunn som er tilpassa eit klima i endring. Vi skal ta vare på naturen som vårt livsgrunnlag og dermed sikre velfungerande økosystem som også er viktig for å redusere klimagassutsleppa og skape eit klimarobust samfunn.

Kva vil planvask ha å seie for deg?

Grunneigarar som vert direkte påverka av planarbeidet, vil bli varsla og få høve til å medverke før politisk vedtak.

Det skal gjerast politiske vedtak om planane skal opphevast, vidareførast, erstattast eller endrast. Nokre av planane vil erstattast av arealformål i ny arealdel til kommuneplanen. Desse planane vil gjelde fram til ny arealdel er vedteken.

Målet er å få planar som er oppdaterte opp mot dagens kunnskap om mellom anna naturmangfald, politikk og lovverk.

 

Lurer du på noko? Ta kontakt med prosjektleiar Hanne Marie Utvær:

E-post: hanne.marie.utver@stad.kommune.no

Telefon: 57 88 58 00

 

Nyttige lenkjer

Oppstartsvarsel planvask https://websakpluss-stad.nordfjordnett.no/sak/2022018794/jp/2022174059 

Holth & Winge (2024). Grunnlag for veileder om revisjon av kommunale arealplaner. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/grunnlag-for-veileder-om-revisjon-av-kommunale-arealplaner/id3043766/

DigiVestland (2023). Anbefalt praksis for evaluering og oppheving av reguleringsplaner. https://www.digivestland.no/portefolje/portefolje/2024-04-25-tilradd-praksis-for-evaluering-og-oppheving-av-reguleringsplanar

Kommunal- og distriktsdepartementet (2023). Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027. https://www.regjeringen.no/contentassets/d71a3e61e774485fb4a98cab9255e53f/nasjonale-forventningar-nn.pdf 

Stortingsmelding 35 (2023-2024). Bærekraftig bruk og bevaring av natur. Klima- og miljødepartementet. https://www.regjeringen.no/contentassets/c8122f7641734da2b892738b796d4725/no/pdfs/stm202320240035000dddpdfs.pdf