Varsel om oppstart av planarbeid: Detaljregulering for Vestkapp

Nordplan as varslar om oppstart av detaljregulering for Vestkapp. Frist for innspel er 5. september.

Lokalisering av planområdet på Vestkapp. - Klikk for stort bileteLokalisering av planområdet på Vestkapp. Varslingsgrense er vist med blå linje. Ill: Nordplan as

 

Nordplan as varslar på vegne av tiltakshavar Vestkapp Holding as om oppstart av reguleringsplanarbeid for eit areal på fjellet Kjerringa i Stad kommune. Planen blir utarbeidd som ein detaljreguleringsplan, jf. pbl. § 12-3.

Bakgrunn og formål med planarbeidet

Vestkapp Holding as ynskjer å detaljregulere sitt areal på fjellet Kjerringa (497 moh.) på Stadlandet, også kjent som Vestkapp. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av ny restaurant og overnatting på Vestkapp-platået, i tillegg til formål som til dømes besøkssenter og toalett open for «alle». Tilkomst skal framleis vere via eksisterande kommunalveg Vestkappvegen, i tillegg til at det er ynskje om å etablere ein parkeringsplass i tilknyting til fylkesveg 5750 Årvikvegen for buss og personbilar. Dette for å redusere behovet for parkeringsplassar og køyrande opp på/til platået.

Meir informasjon finn du i dokumenta under:

Oppstartsvarsel - detaljregulering Vestkapp, datert 11. juli 2024 (Nordplan as) (PDF, 5 MB)

Referat frå oppstartsmøte med Stad kommune, 27. juni 2024 (PDF, 2 MB)

Varslingsannonse Vestkapp (PDF, 144 kB)

Varslingsgrense (PDF, 688 kB)

Planinitiativ, datert 9. april 2024 (PDF, 3 MB)

Har du innspel til planarbeidet?

Du har høve til å kome med skriftleg innspel til planarbeidet eller relevante merknader og opplysningar. Frist for å kome med innspel til oppstartsvarselet er torsdag 5. september 2024. Innspel sendast på e-post til alos@nordplan.no eller per post til Nordplan as, postboks 224, 6771 Nordfjordeid.

Forslagsstillar har sendt ut varslingsbrev til grunneigarar, naboar og offentlege og private høyringsinstansar og annonsert i lokalavisene Fjordenes Tidende og Fjordabladet.