Varsel om oppstart av planvask

Varsel om oppstart av endring, erstatning, vidareføring eller oppheving av reguleringsplanar. For tidlegare Selje og del av Vågsøy kommune

I Stad formannskap 16.10.2025, sak 25/130 vart det gjort følgande vedtak:

I samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-14 blir det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for endring, erstatning, vidareføring eller oppheving av reguleringsplanar som er vedtekne før 2020 i tidlegare Selje kommune og del av tidlegare Vågsøy kommune.

Det blir varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for endring, erstatning, vidareføring eller oppheving av reguleringsplanar med bakgrunn i prosjektplan for planvask, stadfesta med følgjande vedtak i
kommunestyresak 25/130:

Stad kommunestyre godkjenner prosjektplanen for planvask i Stad kommune og ber administrasjonen gjennomføre prosjektet i tråd med planen og rapportere status i samband med delrapport og
sluttrapport. 

Prosessen skal hensynta behovet for bustadbygging, aktiv næringsutvikling og aktivt landbruk i kommunen. Vidare skal det leggast opp til politisk involvering i prosessen.


Det er valt å dele opp arbeidet i 2 delar, der første del vil gjelde tidlegare Selje og del av Vågsøy kommunar, og andre del vil gjelde tidlegare Eid kommune. Oppstartsvarsel for reguleringsplanarbeid for endring, erstatning, vidareføring eller oppheving av reguleringsplanar som er vedtekne før 2020 i tidlegare Eid kommune, vil kome på vårparten i 2026. 


Oppstartsvarselet gjeld 53 planar frå tidlegare Selje kommune og 8 planar frå tidlegare del av Vågsøy kommune (Bryggja).

Les saka og kva planar dette gjeld her.