Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet skal arbeide for å betre menneske med nedsett funksjonsevne sine levekår i heile Stad kommune. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld menneske med nedsett funksjonsevne, og uttaler frå rådet følgjer saksdokumenta til det kommunale organet som avgjer saken. 

Rådet skal ikkje gå inn i saker som gjeld enkeltinnbyggjar, og det er ikkje ein klageinstans. Medlemmar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne representerer alle med nedsett funksjonsevne i Stad kommune, og skal bidra til at dei får god medverknad i aktuelle saker.  

Møta i rådet er opne for publikum, men kan bli lukka etter vedtak med heimel i lov. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har 7 medlemer, og er slik samansett i 2023-2027:

Leiar                                   Nils Anders Sørland                                      Send epost til leiar

Nestleiar                           Arne Martin Rundereim

Medlem                             Anita Våg

Medlem                             Arve Åhjem

Medlem                             Odd Rune Heggen

Medlem                             Solfrid Honningsvåg

Medlem                             Judith Margrete Kvåle

Møteplan for Stad råd for menneske med nedsett funksjonsevne