Innbyggjartorget i Selje

Innbyggjartorget finn du i 1. etasje på kommunehuset i Selje.  Adresse: Nabben 80. 
Her finn du fleire av våre tenester for innbyggjarar og besøkande samlokalisert. 

I 1. etasje finn du:

Lærings- og aktivitetssenteret i Selje
LA- butikken
Stad bibliotek avdeling Selje
Selje frivilligsentral
BUA Selje
Merk at biblioteket, frivilligsentralen og BUA har eigne opningstider. 
 

Skal du til 2. eller 3. etasje nyttar du inngangen på baksida av huset. Kontakt den du har avtale med, som då slepp deg inn.

Treng du hjelp? Ring oss på 57 88 58 00

Frå januar 2026 er LA Selje i full aktivitet i sine lokale i fyrste etasje på kommunehuset i Selje. Vi arbeider med å utvikle gode løysingar for sambruk og utforske dei moglegheitene dette gjev. Målet er å skape eit ope og inkluderande miljø der alle partar er ein naturleg og verdifull del av eit levande kommunehus.
 

Stad bibliotek avdeling Selje

Biblioteket har tilsette på jobb: 
Måndagar kl. 09.00-15.30
Torsdagar i oddetalsveker kl 12.00 - 17.00

Dei andre dagane i veka kan du sjølvbetjene deg innanfor desse tidene: 

  • Tysdagar   kl. 09.00-18.30 
  • Onsdagar  kl. 09.00-15.00
  • Torsdagar  kl. 09.00-15.00
  • Fredagar   kl. 09.00-14.00 

Ta med deg lånekortet ditt og lån ut til deg sjølv på utlåns-pcen som står ved skranken. 

Mange gode grunnar til å besøke innbyggjartorget!

Innbyggjartorget kan og vere ein stad å komme innom for å lese avisa, ein varm stad å vente eller berre vere.  Du kan bruke lokala innanfor desse tidsromma: 

  • Måndagar kl. 09.00 - 15.30
  • Tysdagar   kl. 09.00-18.30 
  • Onsdagar  kl. 09.00-15.00
  • Torsdagar  kl. 09.00-15.00
  • Fredagar   kl. 09.00-14.00 

    Velkommen innom!
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Kommunehuset 2. og 3. etasje

Kommunehuset i Selje er arbeidsplassen til fleire av dei tilsette i Stad kommune. Nokon har fast arbeidsstad her og nokon arbeider både i Selje og på rådhuset på Nordfjordeid. Alt etter behov. 
I etasjane over har vi også vaksenopplæring, kyrkjekontor og nokre bedrifter som leiger kontorplass. 

Skal du til 2. eller 3. etasje nyttar du inngangen på baksida av huset. Kontakt den du har avtale med, som då slepp deg inn

 

Artikkelliste