Frisklivssentralen

Frisklivssentralen er ein helsefremmande og forebyggande kommunal helsetjeneste. Tilbodet går over 12 veker og er gratis, og baserer seg på Helsedirektoratet sine råd til befolkninga. Tilbodet er generelt og diagnoseuavhengig.  Du kan sjølv ta kontakt med Frisklivssentralen eller få henvisning via fastlege, Nav, øvrig helsepersonell etc. 

Kven kan få hjelp på Frisklivssentralen?  

Tilbodet er for deg som allereie har utvikla sjukdom eller som har auka risiko for sjukdom. Frisklivssentralen kan hjelpe deg med å finne aktivitetar og tilbod som passar for deg, setje konkrete mål og gje deg støtte til å gjennomføre det du har planlagt. Tilbodet bygger på prinsippa om mestring, frivillighet og eigeninnsats – du bestemmer sjølv kva du vil jobbe med og i kva tempo.  

Vi har tilbod som kan hjelpe deg til å:   
- Bli meir fysisk aktiv  
- Få eit sunnare kosthald  
- Slutte å snuse eller røykje  
- Bli sterkare psykisk  

Kva tilbyr vi?  

Frisklivssentralen vil gje deg veiledning og støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. V Rettleiing og oppfølging foregår både individuelt og i grupper. Den individuelle rettleiinga består vanlegvis av tre samtalar i løpet av oppfølgingsperioden. Mellom samtalane jobbar du sjølv med dine mål og tiltak i kvardagen. I tillegg kan du delta på treningstilbod og eventuelle kurs som gir inspirasjon,  meistring og motivasjon på vegen.  

I Selje er det to treningsgrupper kvar veke,  den eine er utandørs. På Eid er det ein gruppetime, samt moglegheit for 45 minutt rettleiing i apparatsone, på Hamna Aktivitet og Helse.  Dette etter avtale. Treningstilboda er ein moglegheit for deg som treng litt støtte eller motivasjon for å komme i gang. 

I tillegg arrangerer vi kvardagsgledekurs to gongar i året, samt Bra-mat kurs.  Du kan lese meir om kursa nedanfor.  

Kvar finn du oss?  

Frisklivssentralen avd. Nordfjordeid held til på Rådhuset. Du kan enten vente i resepsjonen, eller sette deg i ventesona utanfor fysio- og ergoterapitenesten (då går du inn døra til høgre for hovudinngangen). Gruppetrening og annan trening føregår på Hamna Aktivitet og Helse.  Frisklivssentralen avd. Selje held til på legekontoret/helsesenteret for helsesamtaler. Du ventar i venterommet på legekontoret. Gruppetreninga innandørs held til på kommunehuset i Selje, i 1 etg. bak resepsjonen. Etter treningane i regi av Frisklivssentralen kan ein setje seg ned med ei god samtale og ein kopp kaffi i vrimleområdet/resepsjonen.  

Følg oss gjerne på Facebook for meir info om aktivitetar, kurs o.l. 

Kurs og aktivitetar 

 

 

 

 

 

 

Kontakt

Ragnhild Ryssdal
Frisklivskoordinator
E-post
Mobil 98 90 47 20
Emilie Nyheim
Fysioterapeut område Selje og Bryggja/ Digital heimeoppfølging
E-post
Telefon 90 19 04 04