Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Denne gangen er webinaret retta mot dei som skal søkje om spelemidlar for søknadsåret 2027.Ordninga er frå og med søknadsåret 2027 forskriftsfesta. Dette inneber fleire endringar i korleis søknader vert handsama. På webinaret vil vi gå gjennom:• Dei mest vesentlege endringane no som ordninga har gått frå føresegner til forskrift• Korleis de søkjer om spelemidlar• Kva som må vere på plass i ein innsendt søknad Webinaret vert gjennomført to gonger med same innhald. Lenke til begge webinara finn dykk her: Webinar om ny forskrift for spelemidlar torsdag 17. september 2026 kl. 19.00-20.30Webinar om ny forskrift for spelemidlar fredag 18. september 2026 kl. 12.30-14.00 Målgruppe Målgruppe for webinaret er organisasjonar som kan søkje om spelemidlar til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv og kommunalt tilsette som jobbar med anlegg og anleggsutvikling i Vestland. Kommunekontaktar, idrettsråd, idrettslag og andre søkjarorganisasjonar som planlegg å søkje om spelemidlar for søknadsåret 2027. Relevant dokumentasjonFør webinaret oppmodar vi deltakarane til å gjere seg kjende med:Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilloverskuddet til Norsk Tipping (anleggsforskriften) Rettleiar til anleggsforskrifta, Kultur- og likestillingsdepartementet Rundskriv til ordninga med skildring av tilskottssats for dei forskjellege anleggstypane Publisert 14.09.2026 09.32 Sist endra 14.09.2026 09.32