Skjøtselsplaner StadlandetVi har 51 utvalde kulturlandskap i Noreg. Eit av desse er Stadlandet (tidlegare Hoddevik - Liset) i Stad kommune, Vestland. I dette området kan brukarar og eigarar søkje tilskot til skjøtselstiltak. Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Kjerneområda med skjøtselsplanar er prioritert for tilskot. Kommunen kan løyve tilskot til fylgjande tiltak: Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne Planlegging av tiltak Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv Formidlingstiltak Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga Kommunen kan betale ut tilskot til drift og skjøtsel av areal i samsvar med dei mål og tilrådingar som er fastsett i gjeldande skjøtselsplanar for området. Følgjande planar er gjeldande for UKL-området Stadlandet: Her finner du dei ulike skjøtselplanane: Forvaltningsplan for Hoddevik–Liset 2009 -2029 (PDF, 3 MB) Hoddevik i Selje - skjøtselsplan for kulturlandskapet (PDF, 5 MB) Skjøtselplan for Ytre Drage, Indre og Ytre Fure (PDF, 21 MB) Skjøtselplan for Liset og Skårbø (PDF, 9 MB) Skjøtselplan for Årdal (PDF, 2 MB) Skjøtselplan for Indre Drage og Austmyr (PDF, 7 MB) Enkelteigedomar Hoddevik (PDF, 8 MB) Publisert 15.02.2022 11.10 Sist endra 03.05.2023 12.42