Høgda bustadfelt

Høgda bustadfelt ligg vakkert til i Holmøyane, lengst aust i Stad kommune. Bustadfeltet er sentralt plassert mellom Stryn, Nordfjordeid, Grodås, Ørsta/Volda og Sandane. Holmøyane høyrer til Hjelle krins, og har Hjelle skule i Mogrenda som nærskule. Bygda har fleire velfungerande bedrifter. I tillegg til bustadfeltet er det etablert to hyttefelt i området. Her er også regulert areal for næringsaktivitet.

 

 

Av Høgda bustadfelt sine mange kvalitetar kan nemnast:

  • Tomteprisen er særs gunstig: Rundt 90.000 kroner for byggeklar tomt, inkludert kommunal vei, vatn og kloakk.
  • Gode solforhold i eit ope og idyllisk landskap med utsikt mot Hornindalsvatnet, skogen og fjellheimen.
  • Tomtane er relativt store, trygt plassert på fjellgrunn. Ingen ras- eller flaumfare.
  • Lett tilkomst. Frå Nordfjordvegen E39/Rv15 er det 300 m med flat, kommunal veg.
  • Svært barnevennleg. God skjerming mot trafikk og trafikkstøy.
  • Natur som innbyr til friluftsliv rett utanfor stovedøra. Oppmerka turvegar og stiar både langs vatnet, i skogen og til fjells. Toppunktet er Glittereggja, høgste fjellet i Stad kommune.
  • Sentralt plassert mellom mange skianlegg. Til dømes Harpefossen, Stigedalen, Ullsheim, Vangen, Stryn og Hornindal.
  • Høve til båtplass og fisking i Hornindalsvatnet og deltaking i hjortejakt og rypejakt.
  • Høve til å nytte Sonjahytta oppe i fjellet og felles badeplass i nærområdet ved vatnet.
  • Bygda har ulike aktivitetar knytte til idrettslag, skyttarlag, grendalag og grendahus.

Informasjon om tomtene. (PDF, 778 kB)

Oversikt tomteprisar

 

Kontakt

Inger Lise H. Myrold
Førstekonsulent eigedom
E-post
Telefon 57 88 58 00
Mobil 40 02 20 81