Midt i gata er eit samskapingsprosjekt mellom Stad Vekst U40, LARK landskap og Stad kommune med mål om å skape meir liv, aktivitet og trivsel i sentrum. Gjennom prosjektet har partane saman utforska korleis delar av sentrum kan utviklast til attraktive møteplassar som inviterer til opphald, aktivitet og fellesskap.
Prosjektet byggjer på medverknad, samarbeid og utprøving av nye løysingar. Samstundes gir det verdifull kunnskap om kva innbyggjarane ønskjer for framtidas sentrumsutvikling.
Prosjektet vart initiert av Stad Vekst U40, som ønskte å undersøkje moglegheitene for å etablere eit levande og attraktivt torg på Nordfjordeid.
Som grunnlag for prosjektet vart det gjennomført to arbeidsverkstader der U40-nettverket fekk høve til å kome med innspel. Gjennom desse samlingane kom det fram både konkrete idéar til utforming av torget og refleksjonar kring kva funksjonar og kvalitetar som er viktige for dei som brukar sentrum. Innspela frå arbeidsverkstadene har vore sentrale i utviklinga av prosjektet og har gitt verdifull kunnskap om kva målgruppa ønskjer for framtidas sentrum.
Frå idé til ferdig møteplass

Som eit resultat av prosjektet er det no etablert eit nytt opphalds- og møtestad i sentrum. Området er utvikla for å skape meir aktivitet og trivsel, og for å vise korleis byrom kan nyttast på nye måtar når menneske står i sentrum.
LARK landskap har bidrege med fagleg kompetanse innan utforming av plassen, universell tilgjengelegheit, trivsel og tryggleik. Det har vore lagt vekt på kvalitet, berekraft og bruk av lokale ressursar i gjennomføringa av prosjektet.
Lokalt engasjement i praksis
Eit viktig mål med prosjektet har vore å involvere lokale aktørar. Benkene som står på torget er utvikla og bygde av elevbedrifta ved Eid vidaregåande skule. Gjennom dette har elevar fått bidra direkte til utviklinga av sentrum og skapt varige verdiar for lokalsamfunnet.
Prosjektet viser kva som er mogleg når ungdom, fagmiljø, kommune og lokalt næringsliv samarbeider om å skape gode møteplassar for innbyggjarane.
Eit prosjekt for framtida
Midt i gata er òg eit viktig prøveprosjekt. Erfaringane frå etableringa av torget vil gi nyttig kunnskap om kva tiltak som fungerer godt i sentrum, og kan danne grunnlag for vidare utvikling i åra som kjem. Målet er å skape eit sentrum med meir liv, større trivsel og fleire møteplassar for alle som bur i og besøker Nordfjordeid.