23 kommunale verksemder i Stad kommune er no Miljøfyrtårnsertifiserte

Stad kommune har Miljøfyrtårnsertifisert 23 kommunale verksemder. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å styrkje berekrafta i kommunal drift.

Sertifiseringa er eit resultat av målretta innsats, godt samarbeid og stort engasjement frå tilsette i alle sektorar. I løpet av fleire månader har verksemder innan oppvekst og opplæring, helse, kultur og samfunn arbeidd med å kartleggje, dokumentere og gjennomføre tiltak som gjer drifta meir berekraftig.

Kva inneber Miljøfyrtårn-sertifisering?

Miljøfyrtårn-sertifiseringa er ein offentleg godkjend standard for verksemder som ønskjer å arbeide systematisk med miljøforbetring. 
For Stad kommune betyr det at verksemdene:

  • har gode rutinar for miljøleiing og arbeidsmiljø
  • handterer avfall på ein meir berekraftig måte
  • har sett i verk tiltak for å redusere energiforbruk og klimagassutslepp
  • stiller miljøkrav til innkjøp og transport

Sertifiseringa forpliktar også til vidare innsats. Kvar verksemd skal rapportere årleg om miljøarbeidet sitt, og sertifikatet må fornyast kvart tredje år.

Desse 23 verksemdene i Stad kommune er no sertifiserte:

  • Oppvekst og opplæring – 14 verksemder: barnehagar og skular i heile kommunen
  • Helse og omsorg – 3 verksemder: Eid helsestasjon og fysio-/ergoterapi, Eid legekontor og Selje helsesenter
  • Kultur og samfunn – 4 verksemder: Selje prestegard, Valhall, Eid idrettshus og Eid brannstasjon
  • Stad rådhus og Kommunehuset i Selje

Vi er stolte av det vi har oppnådd – og vi held fram! No skal vi byggje vidare på dette arbeidet og inspirere kvarandre til å bli endå betre.

Korleis kan du bidra?

Vi ønskjer dine innspel! Har du idear til korleis vi kan redusere belastninga på klima, miljø og arbeidsmiljø gjennom endringar i vår drift? Send oss gjerne dine forslag.

Gje dine innspel

Les meir om arbeidet med miljøfyrtårn