Føremålet med planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for vidareutvikling av Løkjaneset som næringshamn og maritimt knutepunkt.
Planen skal mellom anna leggje til rette for:
- kai- og hamneområde på land og i sjø
- mottak av større fartøy, inkludert eventuell cruiseverksemd
- logistikkareal og trafikkløysingar
- teknisk infrastruktur og energiløysingar
- landstraum og nødvendige servicefunksjonar
- vidareføring og utvikling av eksisterande nærings- og hamneverksemd
Planarbeidet skal avklare korleis eksisterande industri- og hamneområde kan vidareutviklast, og korleis eksisterande bygg, kaiar og tekniske anlegg kan nyttast eller tilpassast framtidige behov. Mottak av større fartøy, inkludert cruisefartøy skal vurderast.
Planområde
Planområdet omfattarom lag 236 dekar på land og i sjø, og inkluderer eksisterande industri-og hamneområde, kaier, tilkomst, logistikkareal og tilgrensande sjøområde.
Dokument til varsel om oppstart
Planprogram og konsekvensutgreiing
Planforslaget skal konsekvensutgreiast og vert difor utarbeidd med planprogram. Planprogrammet skildrar føremålet med planarbeidet, kva alternativ som skal vurderast, kva tema som skal utgreiast, og korleis medverknad og vidare planprosess skal gjennomførast.
Konsekvensutgreiinga skal mellom anna vurdere:
•tiltak og inngrep i sjø
•naturmangfald på land og i sjø
•vassmiljø, sediment og sjøbotn
•landskap og nærmiljø
•støy
•trafikk og logistikk
•maritim tryggleik, innsegling, manøvrering og fortøying
•samfunnstryggleik og beredskap
•eksisterande næringsinteresser og arealbruk
•forholdet til areal som er sette av til akvakultur
Det skal også utarbeidast ein risiko- og sårbarheitsanalyse for planområdet.
Planprogrammet er eit førebels forslag. Innspel i høyringsperioden kan føre til at utgreiingstema, alternativ eller opplegget for planarbeidet vert endra før kommunen fastset planprogrammet.
Høyring og offentleg ettersyn
Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg.
Spørsmål om planarbeid kan rettasttil kontaktperson Martin Sørland Barlla på e-post msb@nordplan.no
Innspel og merknadar
Innspel til planarbeid og merknader til planprogrammet skal sendast til post@nordplan.no med kopi til post@stad.kommune.no eller per post til Nordplan AS,Lotevegen 21, 6770 Nordfjordeid.
Høyringsfrist
Frist for innspel og merknader til varsel om oppstart og til planprogrammet er sett til 17.09.2026.
Vidare planprosess
Når høyringsfristen er gått ut, vert innkomne innspel og merknader gjennomgått og vurderte. Forslag til planprogram vert deretter eventuelt justert før det vert sendt til Stad kommune for fastsetjing.
Det fastsette planprogrammet skal leggje rammene for det vidare planarbeidet og konsekvensutgreiinga. Det vert deretter utarbeidd eit komplett planforslag med plankart, føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing, risiko- og sårbarheitsanalyse og nødvendige fagrapportar og vurderingar.
Planforslaget vert sendt til Stad kommune for sakshandsaming.
Alle skriftlege innspel og merknader vil bli dokumenterte, kommenterte og vurderte som del av plandokumenta.
Etter første gongs politiske eller administrative handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Råka partar og offentlege instansar vert då varsla på nytt og får eit nytt høve til å kome med merknader før endeleg handsaming av reguleringsplanen.