Gratulerer med Miljøfyrtårnsertifisering av skular, barnehagar og Eid idrettshus!Sertifiseringa blei godkjend i desember 2024, og i kommunestyret 23. januar 2025 vart det markert med synleg diplom som fortel at ein er Miljøfyrtårn. Gratulerer so mykje til alle i oppvekstsektoren for godt arbeid og ein viktig milepæl! Sertifiseringa legg eit godt grunnlag for vidare arbeid med miljø og klima. Bakgrunn for sertifiseringa: Klimaendringar er vår tids største utfordring, og behovet for synlege verkemiddel i klimapolitikken er veksande. Miljøfyrtårn er eit konkret og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, der føremålet er å heve miljøprestasjonane i eigen verksemd. Miljøfyrtårnsertifiseringa tek for seg et bredt spekter av tema, som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport og avfall. Vi ønskjer å få ei betre miljøleiing i Stad kommune ved å oppdatere eksisterande rutinar, samt få inn nye rutinar for å tenkje miljø i arbeidskvardagen. Framdrift:Arbeidet med sertifisering av Stad kommune som Miljøfyrtårn starta opp hausten 2023. Sertifisering av hovudkontoret - rådhuset og kommunehuset i Selje, blei gjennomført og godkjend i april 2024.Sertifisering av sektoren for oppvekst og opplæring, samt Eid idrettshus starta hausten 2024 og blei godkjent desember 2024.Vi har no starta arbeidet med sertifisering av Eid brannstasjon, Valhall og Selje Prestegard og vil vidare sertifisere Eid legekontor, Eid helsestasjon og Selje helsesenter i neste fase. Korleis kan du bidra? Vi ønskjer dine innspel! Har du idear til korleis vi kan redusere belastninga på klima, miljø og arbeidsmiljø gjennom endringar i vår drift? Send oss gjerne dine forslag. Gje dine innspelLes meir om arbeidet med miljøfyrtårn. Publisert 23.01.2025 13.03 Sist endra 23.01.2025 13.11