Under er det lista opp nokre avfallstypar, og korleis du kvitter deg med dei:
Farleg avfall
Avfall som kan føre til alvorleg forureining, miljø- eller helseskade er farleg avfall. Alle NOMIL sine private abbonnenetar kan levere inntil 1000 kg farleg avfall pr. år., og inntil 500 kg pcb-haldig isolerglass pr. år. utan å betale ekstra for dette.
Døme på farleg avfall er måling, lim, olje, løysemiddel, etsande avfall, sterke reingjeringsmiddel, plantevernmiddel, sprayboksar, oljefilter og batteri. Byggemateriale kan også vere farleg avfall. Døme på dette er isolerglasruter, golvbelegg av vinyl, røyrisolasjon, isolasjonsskum og asbesthaldig avfall. Les meir om levering av farleg avfall til NOMIL sine gjenbruksstasjonar her.
Bildekk
NOMIL tek ikkje i mot bildekk, men du kan levere kasserte bildekk gratis til alle dekkforhandlarar eller forretningar som sel dekk. Dette følger av produsentansvaret. Det er forbode å deponere brukte dekk.
Tekstilinnsamling
Ein kan levere tekstil som er heil, rein og tørr i utplasserte innsamlingsboksar.
Les meir om dette på NOMIL sine sider.
Framande artar i hagen
Hageavfall som inneheld skadelege framande artar kan leverast til NOMIL. Avfallet skal pakkast i sekk, og leverast som restavfall på gjenbruksstasjonen.
Les meir om temaet her.
Heimekompostering
Visste du at NOMIL oppmoder abonnentane sine til å kompostere matavfallet sitt? Dei gir også rabatt på årsgebyret for abonnentar som har heimekompost.
Les meir om dette på NOMIL sine sider.
Brenning av avfall er forbode
Brenning skal ikkje skal fungere som ein metode for å kvitte seg med avfall.
Les meir om dette på kommunen si heimeside.
