Open brenning og brenning av avfall i småomner

Lurar du på kva slags brenning som er lovleg, kva som er ulovleg og kva det må søkast om? Her for du ei oversikt over gjeldande lovverk i kommunen.

Gjennom Stad kommune sin Lokale forskrift er det eit forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar. Formålet med dette er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av slike aktivitetar. Nokre type brenningar er likevel unntatt frå forbodet.

I Stad kommune er det lov med:

  • Open brenning på grillinnretning, utepeis og turbål brukt i tradisjonelt friluftsliv der det opplagt ikkje kan starte ein brann.
  • Brenning av avispapir og reint trevirke i vedomn, heime eller på fritidsbustad.
  • Jonsokbål og av reint trevirke, etter melding til Alarmsentralen. Bålplassen skal ryddast etter bruk.
  • Bråtebrenning for rydding av beite og vedlikehald av kulturlandskap utanfor tettbygd strok, etter løyve frå kommunen og melding til Alarmsentralen.
  • Brenning av tørt hageavfall der det ikkje er til sjenanse for andre, etter melding til Alarmsentralen.
  • Brannøvingar/undervisning, medrekna øvingsbrenning av kondemnerte og hus som er miljøsanerte samt kontrollerte sløkkeøvingar i samband med brannøvingar i regi av Stad brann og redning.
  • Brenning skal kun finne stad der det openbart ikkje kan føre til brann og er underlagt rammene som følgjer av forskrift om brannforebygging

Ut over dette kan kommunen i særskilde høve, etter skrifteleg  søknad, gje dispensasjon frå forbodet etter § 4 i den lokale forskrifta.

Send ein søknad til post@stad.kommune.no og merk e-posten med «Søknad om brenning». Vi treng opplysningar om ansvarleg søkar, kva som de ønskjer å brenne, kor og når.

Kommunen kan ikkje gje dispensasjon for brenning av produksjonsavfall eller brenning av avfall i småomnar.

* Alarmsentralen: Som følge av endringar i 110 Vest sine sikkerheitsretningslinjer kan dei ikkje lengre ta i mot melding om brenning gjennom den digitale løysinga. Det jobbast med ei erstatning for dette. Midlertidig løysing er at det som skal meldast til Alarmsentralen gjerast til vakthavande på telefon 979 90 434.