Stad kommune ønskjer innspel til naturmangfaldplanen

Har du konkrete innspel til lokalt naturmangfald som du meiner kommunen bør vite om? Gjennom arbeidet med naturmangfaldplanen ønskjer vi mellom anna å etablere eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfaldet i kommunen, og då ønskjer vi innspel frå innbyggjarane våre. 

Døme på kva natur vi ønskjer innspel på:

  • funksjonsområde for artar, til dømes rasteområde for fugl eller forflyttingskorridorar for hjortevilt
  • viktig grønstruktur
  • kantsoner og restområde i jordbrukslandskapet
  • samanhengande naturområde utan inngrep
  • samanhengande myrområde
  • område med stor utbreiing av framande artar

Send inn innspela dine via kommunen sitt innspelsskjema. Vi ønskjer innspel innan 1. mars 2026 for å få innspela med i planarbeidet.

Innspela skal nyttast direkte i arbeidet med kommunedelplan for naturmangfald som er under arbeid. Formålet med denne planen er å bidra til kunnskap og bevisstheit om naturen, som grunnlag for interesseavveging. Ein naturmangfaldplan skal også identifisere tiltak for sine naturverdiar, som skal sikre at naturen blir forvalta på ein god måte. Les meir om planarbeidet på kommunen si heimeside.