For Stad kommune vil dette vere den første heilskaplege planen for naturmangfald i kommunen. Planen skal sikre at naturen blir forvalta på ein god måte og gjennom dette bidra til å stanse tap av naturmangfald.
Planen medfører ingen auka forpliktingar når det gjeld å ta omsyn til overordna nasjonale eller regionale miljøinteresser, men følgjer opp det ansvaret som norske kommunar allereie er forplikta til å ta.