Kunngjering av planvedtak - Detaljregulering for rv.15 Bjørhovde bru

Stad kommunestyre vedtok detaljregulering for rv.15 Bjørhovde bru i møte 12. september 2024.

KS-24/130 Vedtak:

Detaljregulering for rv.15 Bjørhovde bru (plan-ID 2021002) vert vedteken med heimel i plan- og bygningslova § 12-12. 

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Saksdokument

Plandokumenta og saksutgreiinga med påført vedtak er tilgjengeleg her:

Detaljregulering for rv.15 Bjørhovde bru

Dersom de ønsker utskrift av ett eller fleire av dokumenta, kan de kontakte Stad kommune på tlf. 578 85 800.

Eventuell klage 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. pbl. § 12-12 og forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage må merkast med sak «22/1625», og sendast skriftleg via sikker digital post, per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Klage på planvedtak vil bli handsama av kommunestyret og deretter sendt over til Statsforvaltaren i Vestland, som er rette klageinstans.

Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova § 29. Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket.