Innbyggjartorget i Selje

Innbyggjartorget finn du i 1. etasje på kommunehuset i Selje. Adresse: Nabben 80. 
Her finn du fleire av våre tenester for innbyggjarar, besøkande og turistar samlokalisert. 

BibliotekSelje frivilligsentral,
BUA Selje, turistinformasjon

Opningstid på innbyggjartorget: 

Måndagar  - kl. 09.00-15.30
Tysdagar - kl. 09.00-18.30 
Onsdagar - kl. 09.00-15.00
Torsdagar* - kl. 09.00-15.00 (til 17.00)
Fredagar - kl. 09.00-14.00 

*Torsdagar i oddetalsveker er biblioteket betent med personell i tidsrommet 12.00 - 17.00

Skal du til 2. eller 3. etasje nyttar du inngangen på baksida av huset. Kontakt den du har avtale med, som då slepp deg inn.

Treng du å ta kontakt – ring oss på 57 88 58 00
 

  • Frå januar er LA Selje i full aktivitet i sine lokale i første etasje på kommunehuset i Selje. Vi arbeider med å utvikle gode løysingar for sambruk og utforske dei moglegheitene dette gjev. Målet er å skape eit ope og inkluderande miljø der alle partar er ein naturleg og verdifull del av eit levande kommunehus.
     

Mange gode grunnar til å besøke innbyggjartorget!

  • lese og låne bøker i biblioteket
  • låne aktivitetsutstyr i BUA
  • bli frivillig og/eller få oversikt over aktivitetsmenyen til frivilligheita
  • booke/bestille gratis møterom (også mulig å få bestilt til ettermiddagar og helg) 
  • ein stad du kan studere/arbeide. Vi har arbeidsbenk med pc ein kan nytte etter avtale
    Ein kan også booke eit lite møterom om ein treng meir ro 
  • låne gjeste-pc, få ordna med utskrift og skanning av dokument
  • få hjelp til ulike problem med telefon, epost, pc eller anna digital hjelp (når bibiloteket er betent).
  • spele sjakk, andre spel eller teikne (Sjakkbrettet står framme og vi kan finne fram fleire spel)
  • gå på dans med Stad kulturskule
  • styrketrening med Frisklivsentralen

    For oppdatert oversikt over aktiviteten her og ellers i Stad kommune:
    Stad Foreiningsportal, Hjartestad og Stad.kommune.no 
     

Innbyggjartorget kan og vere ein stad å komme innom for å lese avisa, ein varm stad å vente eller berre vere. 

Velkommen innom!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Kommunehuset 2. og 3. etasje

Kommunehuset i Selje er arbeidsplassen til fleire av dei tilsette i Stad kommune. Nokon har fast arbeidsstad her og nokon arbeider både i Selje og på rådhuset på Nordfjordeid. Alt etter behov. 
I etasjane over har vi også vaksenopplæring, kyrkjekontor og nokre bedrifter som leiger kontorplass. 

Skal du til 2. eller 3. etasje nyttar du inngangen på baksida av huset. Kontakt den du har avtale med, som då slepp deg inn