Ukraina og kommunen sin beredskap

Mange har spørsmål rundt Russland sitt angrep på Ukraina og korleis dette vert handtert i Norge. Les kva kommunen gjer og kvar du finn nasjonal informasjon.

Informasjon frå nasjonale myndigheiter

Viktig at alle som kjem registrerer seg!
- Ta kontakt med kommunen for timebestilling. 

Ukrainarar med familie og vener i Norge kan på eiga hand ha funne innkvartering i ein bustad. Det er viktig at dette vert formalisert ved registrering slik at kommunen avtalar busetting med IMDi.

Å verte registrert som asylsøkar er viktig for mellom anna å utløyse rett til økonomisk stønad, mottaksplass/bustad, helsetenester, barnehage, skule osb. i det norske samfunnet. Utgangspunktet er at dei som har behov for å søke vern (asyl) og bli innkvartert på asylmottak i Noreg, vert tatt imot på Nasjonalt ankomstsenter i Råde. 

Ukrainarar som er komne til Stad kan registrere asylsøknaden sin ved Stad politistasjon på Nordfjordeid. 
Ta kontakt med Stad kommune for hjelp til bestilling av time hos politiet. 
Kontaktperson i Stad kommune:

  • Katrine Nautvik tlf 996 44 955

Etter registrering på Stad politistasjon vil den enkelte få ein ny timeavtale ved Førde politistasjon som ferdigstiller registreringa. 

Vi oppmodar alle til å bidra til at informasjon om registrering og timebestilling når ut til ukrainarar som oppheld seg i kommunen, og som ønskjer å registrere asylsøknad.

Mottak av flyktningar i Stad kommune

I løpet av 2022 har Stad kommune busett 100 flyktningar frå Ukraina. Kommunen er oppmoda om å ta imot flyktningar også i 2023. Sak om kor mange flyktningar Stad kommune skal ta imot i 2023 blei politisk behandla i formannskapet 2. februar og i kommunestyret 9. februar. 

Kommunen må også vurdere kapasitet i tenestene. Dei som er registrerte og blir busett etter avtale med IMDi vil ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet og skal få opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Barn vil ha rett på barnehageplass og opplæring i skule, og alle vil ha rett til helsehjelp. Dei vil også få stønad til livsopphald.

Behov for fleire busettingplassar i kommunen
– Har du ledig bustad? 

Det kjem stadig flyktningar til Norge som er på flukt frå krigen i Ukraina, og det blir jobba jamt med å etablere fleire busettingsplassar over heile landet.

For å få til planlagt busetting treng kommunen tilgang på fleire bustadar, og ønsker no å gjere ei ny kartlegging av privatpersonar eller organisasjonar som ønsker å tilby midlertidig innkvartering eller fast busetting.

I denne omgang er det behov for bustad i gåavstand til skule, barnehage og butikk. Vi ønskjer om mogleg møblerte bustadar for snarleg innflytting av einslege og mindre familiar frå Ukraina.

Har du ledig husrom/bustad du ønsker å gjere tilgjengeleg registrer her:

Registrer ledig bustad/husrom

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.

Sjå også UDIs informasjon for personer som ønsker å hjelpe flyktningar frå Ukraina 

Kontroll og oppfølging av kjæledyr frå Ukraina 

I samband med den pågåande situasjonen i Ukraina er det venta ein aukande mengde flyktningar, og fleire av desse kjem frå Ukraina til Noreg med kjæledyra sine.

Ukraina er ikkje medlem av EU, og har ein annan dyrehelsestatus enn Noreg, m.a. for rabies. Normalt sett er det strenge reglar for innførsel av kjæledyr til EU/EØS, men i samband med situasjonen legg Mattilsynet no til rette for at flyktningar frå Ukraina skal kunne ta med seg kjæledyra til Noreg. For at dette skal kunne skje utan risiko for spreiing av uønskte sjukdomar, skal Mattilsynet følgje opp desse kjæledyra ved ankomst.

Vi oppmodar i denne samanheng om å ta kontakt med Mattilsynet dersom De veit om, eller har kjennskap til flyktningar som kjem hertil med kjæledyr. Kostnader knytt til handtering, kontroll og evt. anna tilhøyrande oppfølgjing vert dekka av Mattilsynet.

De kan lese meir om dette, samt finne anna aktuell informasjon på desse sidene: Ukraina | Mattilsynet (norsk, engelsk og ukrainsk).
Om det er spørsmål knytt til dette ta kontakt med Mattilsynet på telefon: 22 40 00 00

Beredskap ved atomulykker

Krigshandlingar i område med kjernekraftverk fører til auka risiko for radioaktive utslepp. Ved ei atomhending som kan få konsekvensar i vårt område vil Kriseutvalet for atomberedskap kome med råd eller pålegg om korleis vi skal beskytte oss.

Dei viktigaste tiltaka som det vil kunne kome råd om er:

  • Hald deg inne
  • Ta jodtablettar
  • Dusje dersom du er utsett for ureining
  • Følgje kosthaldsråd
  • Respektere myndigheitene sine avgjerder om sperring, reising eller evakuering

Meir informasjon om atomberedskap finn du på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) sine nettsider. 

Liten fare i Noreg 
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) skriv at risikoen for at det skal bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg er liten.  

Uavhengig av situasjonen tilrår DSA og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) alle under 40 år å ha jodtablettar som del av eigenberedskapen i heimen.

Jodtablettar og eigenberedskap
Stad kommune har som del av den nasjonale beredskap lager av jodtablettar. Den prioriterte gruppa er alle under 18 år, ammande og gravide. Kommunen har eit system for å dele ut dette dersom myndigheitene gir råd om det.