Velkomen hit - velkomen heim!Er du ny i kommunen vår eller planlegg å flytte hit? - Du er uansett hjarteleg velkomen! Stad kommune vart skipa 1. januar 2020 ved samanslåing av Eid, Selje og deler av Vågsøy kommune i Nordfjord. Stad har ca 9.500 innbyggjarar, med Nordfjordeid som kommunesenter. På Nordfjordeid finn du alt du treng av handels- og servicetilbod, sjukehus, vidaregåande skule, offentlege kontor, opera-/kulturhus, legevakt, idrettshallar og det meste anna du treng for å leve eit godt liv i Stad kommune. Elles finn du gode stader å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen. Og du finn ein spektakulær natur som er fritt tilgjengeleg både sommar og vinter. Kvar elles i verda kan du surfe i bølgjene og køyre ski i puddersnø på same stad? Det kan du i Stad og Nordfjord! Vi har samla eit knippe med gode opplevingar, tilbod og tenester til deg. Vi håper du finn noko som kan passe - og at du vil finne deg til rette og trivast i Stad. Skulle du ha noko på hjartet er du velkomen til å ta kontakt for ein prat. Ikkje ver redd for å ta kontakt med meg som ordførar direkte pr e-post, sms eller Messenger – vi skal prøve å hjelpe deg vidare så godt vi kan! Ein første velkomen rundt i vår Hjartestad! Beste helsing Gunnar Silden Ordførar i Stad kommune Magasin StadMag 2022 StadMag 2020 StadMag 2018 Ung i Stad 2021 BuStad 2022 (kommunale tomter og bygder å bu i) Bygge og bu i Stad Ledige bustadtomter i Stad kommune Bustadar for sal Bustadar for leige Kulturliv og ting du kan gjere på fritida hjartestad.no Operahuset Nordfjord Kino Eid symjehall Sagastad Selja kloster Selje prestegard (Regionalt pilegrimssenter Selje) Norsk fjordhestsenter Reise og oppleving i Nordfjord UT på tur i Stad - finn turforslag, hytter og ruter Barmen Barnehagar, skule og utdanning Alt om barnehagar i Stad Alt om skule og opplæring i Stad Vaksenopplæring Stad Eid vidaregåande skule Fjordane folkehøgskule Inviro - Nordfjord virtuelle campus Næring og arbeid Ledige stillingar i Stad kommune (organisasjonen) Ledige stillingar i Stad kommune Nordfjordakademiet Stad Vekst Framtidsfylket Ønsker du å bidra i vårt lokalmiljø? Frivilligsentralane i Stad - Selje Frivilligsentral Eid Frivilligsentral Foreningsportalen i Stad Raude kros Stad på kartet Stad kommune si kartløysing Wikipedia om Stad Facebooksider Hjelle - Infoside om ting som skjer i bygda Haugen - Haugen Idrettslag Stårheim - Infoside om ting som skjer i bygda Kjølsdalen - Infoside om ting som skjer i bygda Bryggja - Infoside om ting som skjer i bygda Flatraket - Infoside om ting som skjer i bygda Stadlandet - Infoside om ting som skjer i bygda Nordfjordeid sentrum Selje - Infoside om ting som skjer i bygda Barmen - infoside om bygda Bli betre kjend med Stad Kva er det eigentleg med... Sommar på Stadlandet Finalist i årets frivilligkommune 2019 (Eid kommune) Publisert 27.11.2019 19.38 Sist endra 31.08.2023 16.11